Glenner
Glenner (retoromansk Glogn) er ei elv med mange stryk i Graubünden i Sveits. Glenner var òg namnet på eit distrikt i området, som vart ein del av Surselva i 2001.
Glenner | |||
elv | |||
Glenner oppfor Ilanz
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Graubünden | ||
Tilløp | |||
• høgre | Valser-Rhinen | ||
By | Ilanz | ||
Lengd | 30,7 km | ||
Kjelde | Piz Terri | ||
• høgd | 2 500 moh. | ||
- koordinatar | 46°36′7″N 9°4′8″E / 46.60194°N 9.06889°E | ||
Munning | Samløp med Vorderrhein ved Ilanz | ||
- koordinatar | 46°46′36″N 9°12′44″E / 46.77667°N 9.21222°E | ||
Glenner 46°46′36″N 9°12′44″E / 46.7767°N 9.21222°E | |||
Wikimedia Commons: Glenner |
Elva spring ut nær grensa til Ticino og er omgjeve av fjell opp til 3100 meter over havet. Elva renn gjennom Val Lumnezia. I Suraua munnar Valser-Rhinen ut i Glenner. Etter nokre kilometer munnar Glenner sjølv ut i Vorderrhein ved Ilanz. I dei øvre delane av elva har ho grave ut ei djup kløft, som har avdekt svartskifer enkelte stader. Under snøsmeltinga og etter regnvêrsperiodar, vert elvevatnet vanlegvis mørkt grått.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Glenner» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.