Glidelås er ein stengjemekanisme, ofte brukt på klede, vesker og anna, der to rader av metall- eller plasttenner grip inn i kvarandre. Radene blir samla eller åtskilde av eit lukkestykke, som kan skyvast fram og attende.

Animasjon av korleis glidelåsen bringer dei to sidene saman

Historie endre

Det første patentet på glidelåsen vart teke ut i 1851 av den amerikanske symaskinkonstruktøren Elias Howe (1819–67). Viktige forbetringar vart gjort av Whitcomb Judson, som kunne vise glidelåsar på verdsutstillinga i 1893. I 1913 vart oppfinninga utvikla vidare av svensk-amerikanaren Gideon Sundbäck, og frå 1930 var glidelåsen utbreitt som eit alternativ til knappar. Motedesignaren Elsa Schiapparelli var den første som brukte glidelåsar i haute couture i midten av 1930-åra.

I dei første glidelåsene vart hektene sydd fast, ei og ei, for hand. Sundbäck utvikla ein glidelås der hektene vart stansa ut og klemt fast på to tøyband, som sidan kunne syast på med maskin, tilsvarande glidelåsane i dag.

Kjelder endre