Plast

namn på ulike kunstige og halvkunstige organiske materiale
For den russiske byen, sjå Plast i Russland

Plast er ei nemning på ulike kunststoff som vert laga ved polymerisasjon. Plast er vanlegvis basert på olja. Plast kan formast til mange ulike produkt, og kan vera harde eller mjuke. Nokre harde plasttypar er berre moglege å forma ein gong, og vert stive når dei er ferdige, medan andre kan varmast opp og formast om fleire gonger.

Ein båt i plast i form av ei svane.

PVC (polyvinylklorid), nylon (polyamid), polyetylen og isopor (polystyren) er vanlege plaststoff, som vert brukt til mange ting ein møter i kvardagen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Plast
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.