Eit glideledd (articulatio trochoidea) er eit synovialledd der aksen i den konvekse leddflata ligg parallelt med lengdeaksen til knokkelen. Både glideledd og hengselledd er sylindriske ledd.[1]

1: Kuleledd; 2: Eggledd; 3: Sadelledd; 4: Hengselledd; 5: Glideledd

Glideledd kan røre seg gjennom rotasjon, protraksjon, retraksjon, fleksjon, ekstensjon, adduksjon og abduksjon. Desse rørslene kan vere eksterne, til dømes når ein dreier armen utover, eller interne, som når ein dreier armen innover.

Døme på glideledd er articulatio radioulnaris proximalis, articulatio radioulnaris distalis og articulatio atlantoaxialis mediana (atlantoaksialleddet).

Kuleledd kan rotere og røre seg i alle retningar, til skilnad frå glideledd, som berre kan rotere.

Kjelder endre

  1. Platzer, Werner (2008); Color Atlas of Human Anatomy, volum 1, s. 28.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Glideledd
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.