Gloppholmen er ei øy eller ein holme i Fitjar kommune. Ho ligg sør for Engesund i Engesundsleia, vest for Fitjar sentrum.

Gloppholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 16

Geografi endre

Holmen har eit areal på kring 3,9 hektar, er kring 400 meter lang og kring 150 meter på det breiaste.

Holmen ligg like vest for Stora Eldøy med Litla Eldøy i sør. I vest ligg Flatholmen og Ivarsøyo, medan Skatholmen og Engesundsøya ligg i nordvest.

Historie endre

Garden er ikkje særskild gammal og vart rydda på 1600-talet. Han var husmannsplass under Vestbøstad fram til 1723, då han vart skattlagd som ein eigen gard. Garden høyrde då til Lyse kloster. Seinare kjøpte familien Formann godset, men utpå 1800-talet vart brukarane her òg eigarar av garden.

Det ligg ei langrøys på Gloppholmen, forma som ein båt med ei lengd på 41 meter og ei breidde på 8 meter. Røysa vart grave ut i 1906 og her vart funne trekol og bein.

Namn endre

Garden har skifta namn fleire gonger. Han vart truleg opphavleg kalla Gloppholmen fordi garden Gloppen nytta holmen som beite. Seinare vart han kalla Rasmusholmen etter den første brukaren, og seinare Skaffarholmen etter skysskaffaren som budde her. Etter kvart vart namnet endra til Gloppholmen att.

Folketalsutvikling endre

1801[1] 1900[2]
3 8

Kjelder endre

  • Simon Steinsbø (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. s. 57-58. 
  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet