Gnesin-instituttet

Gnesin-instituttet er ein høgare musikalsk utdanningsinstitusjon i Moskva. Den fulle tittelen er: Российская академия музыки имени Гнесиных - «Dei russiske syskena Gnesin sitt musikkakademi i Moskva»

Hovudbygninga til Gnesin-instituttet.

Musikkakademiet vart grunnlagt den 15. februar 1895 av dei jødiske systrene Jelena, Evgenija og Marija Gnesin frå Rostov-na-Donu. Alle tre hadde studert piano og vorte uteksaminert frå Konservatoriet i Moskva med særleg utmerking. Namnet til musikkakademiet spreidde seg raskt, og det vart snart kjend som eit eliteakademi. Broren til Gnesin-systrene, Mikhail Gnesin, vart ein feira komponist som vart leiar for Gnesin-instituttet frå 1945-1957.

Kjelder endre