Mikhail Fabianovitsj Gnesin (3. januar 18832. februar 1957) var ein russisk jødisk komponist og pedagog frå Rostov-na-Donu. Frå 1945-1957 var han leiar for Gnesin-instituttet, som vart grunnlagt av dei tre systrene hans i Moskva.

Mikhail Gnesin

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Fødd 21. januar 1883
Rostov-na-Donu
Død

5. mai 1957 (74 år)
Moskva

Yrke komponist, musikkpedagog, professor
Språk russisk

Biografi endre

Frå 1892 til 1897 studerte Mikhail Gnesin ved eit teknisk institutt i byen før han kom inn på konservatoriet i St. Petersburg i 1901. Her studerte han under m.a. Nikolaj Rimskij-Korsakov. I 1905 vart han utvist for å ha teke del i ein studentstreik under 1905-revolusjonen, men fekk koma inn att neste år. I 1908 vann Gnesin Glinka-prisen for komposisjonen Vrubel. Same året kom han saman med andre jødiske musikarar i St. Petersburg og starta ei foreining for jødisk folkemusikk. Dei politiske syna til Gnesin vart stadig meir sosialistiske i denne tida.

Mikhail Gnesin reiste utanlands i 1911, til Berlin og Paris før han vendte attende til St. Petersburg. Her tok han no til å studera teater under Vsevolod Meyerhold og fekk også undervisa i praktisk musikk og tale ved den nyoppstarta skulen til Meyerhold. I 1913 vendte Gnesin tilbake til heimbyen Rostov-na-Donu, der han arbeidde som lærar fram til 1923.

Etter oktoberrevolusjonen i 1917 komponerte Gnesin mykje som var inspirert av jødisk folkemusikk. Dette vart oppmuntra av sovjetregjeringa på denne tida. I 1914 reiste Gnesin til Palestina for å søkja inspirasjon og vurderte å emigrera dit før han ombestemte seg og vendte attende til Sovjetunionen.

I 1923 vart Gnesin tilsett som lærar ved Gnesin-instituttet i Moskva og to år seinare vart han professor i komposisjon ved Konservatoriet i Moskva. Han heldt begge stillingane fram til 1935, professorstillinga fram til 1936. På 1930-talet vart tidene vanskelegare for Gnesin av di han var jøde. Han vart pressa til å slutta å komponera musikk som hadde eit "altfor jødisk tema".

 
Grava åt Gnesin

Etter andre verdskrigen vart Gnesin leiar for Gnesin-instituttet i 1945. Han fekk formelt behalda denne stillinga til han døydde i 1957, men leiarane i kommunistpartiet pressa han til å slutta å undervisa ved instituttet. Det vart også færre av komposisjonane hans i tida etter 1935. Han rakk likevel å få ein innverknad på m.a. Aram Khatsjaturjan og Tikhon Khrennikov som han hadde til elevar.

Kjelde endre