Golden Hinde
Golden Hinde er eit fjell i Vancouver-fjella på øya Vancouver i Britisk Columbia. Den 2 197 meter høge fjelltoppen er den høgste på øya. Fjellet ligg nær midten av den 2 450 km² store Strathcona Provincial Park, ved kjeldene på elva Wolf River og vest for vatnet Buttle Lake, om lag 25 km aust for bygda Gold River. Fjelltoppen er eit populært mål for erfarne fjellfolk, og vart kliven fyrste gongen i 1913 eller -14. Fjellgrunnen består av basalt og er del av Karmutsen-formasjonen.[1]
Golden Hinde | |||
fjell | |||
Golden Hinde sett frå sør, august 2006
| |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Vancouver Island Ranges | ||
Høgd | 2 197 moh. | ||
Primærfaktor | 2 197 m | ||
Førstestiging | Einar Anderson, W.R. Kent 1913 eller 1914 | ||
Koordinatar | 49°39′46″N 125°44′49″W / 49.66278°N 125.74694°W | ||
Golden Hinde 49°39′46″N 125°44′49″W / 49.6628°N 125.747°W |
Fjellet, som er synleg frå vestkysten av øya, er oppkalla etter Francis Drake sitt skip «Golden Hind». Ein skipper som dreiv pelshandel såg for seg Drake sitt skip i det dei siste solstrålane lyste opp fjellet. Jordomseglaren Drake skal ha vore opp under kysten av det seinare Britisk Columbia på jordomseglinga si, 1577-80. Namnet vart fyrst offisielt godkjent i 1938, etter det var vist til loggboka til ein pelshandlar. Det alternative namnet «The Rooster's Comb» vart nytta av dei tidlege fjellklivarane grunna utsjånaden til fjellet.[2]
Kjelder
endre- ↑ Geology of Strathcona Park - The Volcanic Flood Arkivert 2012-07-29 ved Archive.is. Henta 24.11.2007
- ↑ Akrigg, G.P.V. and Helen Akrigg. "Golden Hinde." British Columbia Place Names. Vancouver: UBC Press, 1997. 94.
- Denne artikkelen bygger på «Golden Hinde» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2010.