Golden retriever er ein hunderase av retrievertype. Han er ein stor hund med tjukk, gyllen pels og hengande øyre. Golden retriever oppstod som ein fuglehund i Storbritannia på 1800-talet. Han er mykje brukt både som brukshund og kjæledyr.[1]

Golden retriever-tispe
Golden retriever-valp.

Skildring endre

Pelsen er lettkjenneleg gjennom sin gylne farge, i sjatteringar frå djup gyllen til fløytefarga, og kan vera glatt eller lett bølgja. Han har brei skalle, kraftig snute og hengande øyre. Hannhundar har ei mankehøgd på ca. 56–61 cm medan tisper ligg på ca. 51–56 cm. Vekta ligg på ca. 30–43 kg hjå hannane og 25–35 kg hjå tispene, men vekt er ikkje nemnd i rasestandarden.[2]

Golden retriever er kjend som ein stødig, sjølvsikker og vennleg hund. Hundane har høgt aktivitetsnivå og treng mykje mosjon. Dei er rekna som særs intelligente og trenbare, og kan lett lærast opp til jaktapport, agility, dressur, som blindehund og lavinehund. Golden retriever har også gode symjeevne. Dei er også særs barnevennlege, og er populære familiehundar.

 
Golden retriever-hann

Historie endre

Golden retriever blei avla fram av lord Tweedmouth på landeigedommen hans i Skottland. Det som skulle bli ein god apporthund, tilpassa storskala fuglejakt med moderne skytevåpen, blei til gjennom kryssingar av wavy-coated retriever (no flatcoated retriever) og ein spanieltype som ikkje finst lenger, tweed water spaniel. I avlsarbeidet blei det også nytta irsk setter, blodhund og St. John's water dog frå Newfoundland.[1]

Helse endre

Golden retrieveren blir omtalt av Norsk Retrieveklubb som ein sunn hunderase. Nokre dyr får hoftedysplasi og albuedysplasi, men det er ikkje noko stort problem. Gjennomsnittsalderen er over 12 år.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Om Rasen». Henta 18. april 2018. 
  2. «RASEBESKRIVELSE FOR GOLDEN RETRIEVER» (PDF). Norsk Kennel Klub. 26.05.2010. 
  3. «Helse». Henta 18. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Golden retriever