Gonen
Gonen (hebraisk skrift גּוֹנֵן, tyder 'Forsvart') er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Galileastripa nær Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 314.
Gonen | |||
גּוֹנֵן | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Øvre Galilea | ||
Koordinatar | 33°7′20.63″N 35°38′47.03″E / 33.1223972°N 35.6463972°E | ||
Folketal | 329 (2015) | ||
Grunnlagd | 13. august 1951 | ||
• Grunnlagd av | Nahal | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Gonen 33°07′21″N 35°38′47″E / 33.122397222222°N 35.646397222222°E | |||
Kart som viser Gonen.
| |||
Wikimedia Commons: Gonen |
Historie
endreGonen vart grunnlagd 13. august 1951[1] som ei Nahal-busetjing, og vart sivilisert eit år seinare av ei gruppe hebraiske speidarar.[2] Han var den første Nahal-busetjinga som vart omgjort til ei sivil busetjing.
Namnet kjem frå Kongebøkene og symboliserer den strategiske plasseringa til busetjinga og nærleiken til grensa mellom Israel og Syria frå før seksdagarskrigen. I perioden 1949–1967 var det stadig småtrefningar med syrarane i området kring landsbyen.[2]
I 1994 starta ein prosess med å gjere kibbutzen om til ein fellesbusetnad.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gonen» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vilnai, Ze'ev (1976). «Kaukab». Ariel Encyclopedia. Volume 2. Tel Aviv, Israel: Am Oved. s. 1268. (he)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 185. ISBN 965-448-413-7.