Opna hovudmenyen

Gorakhpur (hindi गोरखपुर, urdu گورکھپور) er ein by i den austlege delen av delstaten Uttar Pradesh i India. Byen har 677 236 innbyggjarar, og er administrasjonssenter i Gorakhpur distrikt. Han ligg ved Raptielva, rundt 65 km sør for grensa til Nepal og 11 mil aust for byen Faizabad.[1]

Gorakhpur
Hindi गोरखपुर
Urdu گورکھپور
by
गोरख मन्दिर, गोरखपुर.jpg
Gorakhpur-tempelet
Land Flag of India.svg India
Distrikt Gorakhpur
Areal 3 483,8 km²
Folketal 624 570 (2001)
Wikimedia Commons: Gorakhpur

Byen blei til rundt 1400.[1] Han har namn etter asketen Gorakshanath, som verka på staden. I dag er han kjend for tempelet Gorakhnath Math.

I Mogulriket var Gorakhpur ein viktig garnisonsby. Han blei overteken av Det britiske austindiakompaniet i 1801, og var eit militært treningssenter i Britisk India. I 1934 blei han råka av eit øydeleggjande jordskjelv.[1]

Gorakhpur er i dag eit transportknutepunkt for veg og jernbane. Det fisnt også ein liten flyplass her for innanrikstrafikk.[1] Tekstilindustri, trykkeri, sukkerproduksjon og jernbanevedlikehald er viktige industriar.[1] Byen er hovudkvarter for Gita Press, det største forlaget for hinduskrifter i verda.[2]

Det lokale universitetet Deen Dayal Upadhyaya Gorakhpur University blei grunnlagd i 1956 og driv eit arkeologisk museum her.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Gorakhpur», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 25. august 2015, henta 20. mars 2017 
  2. «Gita Press», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 17. oktober 2013, henta 20. mars 2017