Det britiske austindiske kompaniet

Det britiske austindiske kompaniet (engelsk (British) East India Company) var eit handelskompani skipa 31. desember 1600 ved kongeleg konsesjon av dronning Elisabeth I. I løpet av dei neste 250 åra vart selskapet eitt av dei mektigaste føretaka i verda.

Flagget til selskapet 1600–1707
Flagget til selskapet 1707–1801
Flagget til selskapet 1801–1858

Verksemda til selskapet var i hovudsak retta mot India, der det tileigna seg forvaltningsmessige og militære oppgåver.

Perioden som territorialmakt for selskapet på det indiske subkontinentet vert rekna frå slaget ved Plassey i 1757, der Sir Robert Clive tileigna seg retten til å skattleggje det rike Bengal. Sjølv om slaget i seg sjølv var av avgrensa storleik, vert det rekna som starten på ein 100-årsperiode der britane erobra store delar av dagens India, Pakistan og Bangladesh.

Kompaniet opererte som overhovud i India fram til 1858, då staten overtok det formelle ansvaret, etter å ha gradvis påført Kompaniet større grad av statleg kontroll.

Sjå og endre

Kjelder endre

  Denne historieartikkelen som har med India og Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.