Gossen Idrettslag

Gossen Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på øya Gossa i Aukra kommune. Laget vart skipa i 1967 då Nord-Gossen Idrettslag og Sør-Gossen Fotballklubb slo seg saman i eitt idrettslag. Gossen IL er aktivt med i fotball og handball. Laga spelar på Riksfjord stadion og Aukra Arena. Gossen-spelarane stiller i kvite drakter og raude bukser.

Fotballaget Gossen var på sitt beste få år etter skipinga i 1967. Både i 1968 og 1970 vann laget 4. divisjon Romsdal og rykte opp til 3. divisjon Møre, der det 1969 enda på 7. og i 1970 8. og siste plassen, dermed nedrykk begge sesongane. Også kring 2000 hadde Gossen eit bra lag som deltok fleire år på 4. nivå i det norske seriesystemet.

Kjelder

endre