Aukra kommune
Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Molde kommune i sør, Hustadvika kommune i aust og til øyane i tidlegare Sandøy, no Ålesund kommune i vest.
Aukra kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Aukra | ||
Areal | 60,64 km² | ||
• land | 60,54 km² | ||
• vatn | 0,10 km² | ||
Folketal | 3 678 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Helge Kjøll jr. (KrF) | ||
Kommunenr. | 1547 | ||
Aukra kommune 62°48′18″N 6°53′14″E / 62.805°N 6.88722°E | |||
Kart som viser Aukra kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Aukra | |||
Nettstad: www.aukra.kommune.no |
Det bor om lag 3500 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossa, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.
Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Eit prosessanlegg for handsaming av naturgass ligg i Nyhamna på Gossa.[1] Terminalen tar imot rikgass frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-felta og eksporterer tørrgass gjennom gassrøyrleidninga Langeled til Easington i England via Sleipner.[2]
Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.
Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen.
Historie
endreAukra kommune, tidlegare skrive «Akerø», vart oppretta ved formannskapslovene av 1837, og var opphavleg ein kommune som omfatta Gossa, Otrøya, ein del av Midøya, øyane i Sandøy, samt Julsundet og Mordal på Romsdalshalvøya.
Den 1. januar 1867[3] blei «Sandø» (Sandøy) skild ut som eigen kommune.
I 1924 blei resten av kommunen delt i Nord-Aukra, som bestod av Gossa og fastlandsdelen, og Sør-Aukra, som bestod av Otrøya og ein del av Midøya i det som no er Midsund kommune.
Aukra fekk noverande grenser ved avståing av Mordal krins til Molde 1. januar 1964. Kommunen har heitt Aukra sidan 1. januar 1965, samtidig som Sør-Aukra blei slått saman med resten av Midøya og Dryna frå Vatne kommune og bytte namn til Midsund.
Namnet Aukra, som er unikt i Noreg, kjem truleg frå Aukrin, ei samansetting av akr og vin: åker og eng. Frå 1600-talet til 1917 blei namnet feilskrive med endinga -ø(e) («Akerø»).
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Aukra kommune frå 1924:
1.1.1924[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6] | 1.1.1961[6] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1677a | 1838a | 2251a | 2450a | 2646a | 2645 | 2979 | 2979 | 2968 | 3196 |
- a Talet omfattar området Mordal, som var del av gamle Nord-Aukra kommune fram til 1964, då det vart del av Molde kommune. Dette området hadde då 77 innbyggjarar.
Kjende folk frå Aukra
endre- Brit Bildøen (1962–), forfattar
- Iver Horrem (1977–), volleyballspelar
Kjelder
endre- ↑ «Prosessanlegget på Nyhamna i Aukra kommune i Møre og Romsdal ble satt i drift i 2007». Gassco. Henta 7. mars 2020.
- ↑ «Langeled er en av verdens lengste undersjøiske gassrørledninger med sine 1166 kilometer». Gassco. Henta 7. mars 2020.
- ↑ 1867 - 2007, Sandøy kommune fyller 140 år
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Aukra (Nord-Aukra) 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå