Gráfelli er det nest høgaste fjellet på Færøyane og er 857 meter høgt. Det ligg nord på Eysturoy mellom bygdene Eiði, Funning og Gjáar. Det ligg òg på nordsida av Slættaratind, som er det høgaste fjellet på Færøyane. Vest frå Gráfelli er ein liten topp med namn Krákan. Gapet mellom Slættaratind og Gráfelli vert kalla Bláaberg og er på 640 meters høgde.

Gráfelli.
Fjella Gráfelli og Slættaratindur og bygda Funningur.
Gráfelli (lengst vekke), Krákan (lille toppen i midten) og Manssetur (fjellet lengst til venstre), sett frå Eiði.

Kjelder

endre