Slættaratindur
Slættaratindur er det høgaste fjellet på Færøyane og er 880 meter høgt.[1] Fjellet ligg nord på øya Eysturoy. Austanfor fjellet ligg bygda Funningur og vestanfor ligg Eiði. Nordanfor Slættaratindur ligg det nest høgaste fjellet på Færøyane, kalla Gráfelli.
Namnet tyder «flat fjelltopp». Austsida er bratt.
Når det er klarvêr er det mogleg å sjå heile øyriket frå toppen av fjellet. Den vanlegaste stien opp til Slættaratindur er frå Eiðisskarði. Turen tek omtrent 4 timar.
Kjelder
endre- ↑ US.fo, Slættaratindur er ikki longur 882 m, men 880 m, arkivert frå originalen 11. september 2012, henta 17. februar 2020
- Denne artikkelen bygger på «Slættaratindur» frå Wikipedia på færøysk og «Slættaratindur» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2020.