Grängesbergs gruver

60°4′48″N 14°59′44″E / 60.08000°N 14.99556°E / 60.08000; 14.99556Grängesbergs gruver er fleire jernmalmsgruver med malmhandsamingsverk i Grängesberg, 16 km sørsørvest av Ludvika.

Grängesbergs gruver
Land  Sverige
Del av Ekomuseum Bergslagen
Kart
Grängesbergs gruver
60°04′28″N 14°59′18″E / 60.07455°N 14.988283°E / 60.07455; 14.988283
Wikimedia Commons: Gruvmuseet Mojsen

Malmbrytinga i Grängesberg starta på 1500-talet og vart lagt ned i 1989. Malmfeltet i Grängesberg var det største i Bergslagen og omfatta fleie malmkroppar som tidvis vart brotne som einskilde gruver. Den største eininga var det om lag ein kilometer lange Exportfältet, som inneheldt fleire malmar. Lengre sør i same område finst Ormbergs- og Lombergsfelta og i nord Risbergsfeltet.

På starten av 1970-talet braut ein opp til fire millionar tonn per år. Deretter sokk produksjonen suksessivt fram til nedlegginga. Malmane var rike på mineralet apatitt og magnetittmalmar, men ca. ein femtedel inneheld hematittmalmar. Malmane ligg i eit strok av omvandla, natriumsrike vulkaniske bergartar som tillhøyrer leptittformasjonen.

Historiske bilde endre

Kjelder endre