Gran Telescopio Canarias

Gran Telescopio Canarias er eit teleskopLa PalmaKanariøyane, og eit av dei tre største optiske teleskopa i verda. Det er bygd med Spania som hovudeigar, men med noko deltaking av Mexico og USA, til ein kostnad av 100 millionar dollar. Hovudspegelen har ein diameter på 10,4 m og er delt opp i 36 femkanta, rørlege element som opprettheld den korrekte forma gjennom datastyring. Teleskopet er plassert på fjelltoppen Los Muchachos i 2500 m høgd nær Nordisk optisk teleskop og det italienske Galileo-teleskopet. Observasjonstilhøva der er særs gode. GTC vart tilgjengeleg for eksterne brukarar i 2006. Teleskopet er ein del av European Northern Observatory.

GTC i solnedgang.

Kjelder endre