Kanariøyane (spansk Islas Canarias, av latin Insulae canariae, 'Hundeøyane') er ei spansk øygruppe og autonom region. Øygruppa ligg i Atlanterhavet, utanfor nordvestkysten av Afrika. Øyane ligg om lag 1500 km frå det spanske fastlandet, medan den næraste øya, Fuerteventura, berre ligg 100 km frå Afrika. Geografisk vert Kanariøyane rekna som ein del av Afrika sidan dei ligg på den afrikanske kontinentalsokkelen, men politisk og kulturelt vert dei rekna som ein del av Europa fordi dei er ein del av Spania. Øygruppa består av sju større øyar: Tenerife, Gran Canaria, Lanzarote, La Palma, La Gomera, Fuerteventura og El Hierro, i tillegg til fleire mindre øyar.

Kanariøyane
Islas Canarias
Flagget til Kanariøyane Våpenet til Kanariøyane
Flagget til Kanariøyane Våpenet til Kanariøyane


Plassering
Plassering av Kanariøyane
Plassering av Kanariøyane
Styresmakter
Land Spania
Provinsar 2
Hovudstad Santa Cruz de Tenerife
og Las Palmas de Gran Canaria
President Ángel Víctor Torres Pérez
Geografi
Flatevidd 7 447 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

2 098 593
  281,8 /km²
Koordinatar 43°20′″N 4°00′″WKoordinatar: 43°20′″N 4°00′″W
Annan informasjon
Postnummer ES-CN
Nettstad: www.gobcan.es

Kanariøyane er ein autonom region som består av to provinsar, Las Palmas og Santa Cruz de Tenerife. Hovudstadane i desse provinsane (Santa Cruz de Tenerife og Las Palmas de Gran Canaria) delar hovudstadsstatusen i den autonome regionen. Kvar av dei sju øyane er styrte av eit ting som vert kalla cabildo insular.

Kanariøyane vart tidleg eit populært mål for charterturistar frå Skandinavia. Charterflygingar med skandinaviske turistar tok til i jula 1957, då det svenske flyselskapet Transair landa på Gran Canaria.[2]

Geografi endre

 
Kart over Kanariøyane

Kanariøyane er ein del av Makaronesia saman med Asorane, Kapp Verde, Madeira og Selvagensøyane. Vulkanen Teide på Tenerife er det høgaste fjellet i Spania og den tredje største vulkanen i verda. Den geografiske plasseringa til øyane og passatvindane gjer at klimaet kan vere mildt og fuktig eller veldig tørt. Den næraste øya i øygruppa, Lanzerote, ligg 108 km frå den afrikanske kysten. Hovudøyane i øygruppa er frå vest til aust: El Hierro, La Palma, La Gomera, Tenerife, Gran Canaria, Fuerteventura og Lanzarote. Nord for Lanzarote ligg fleire småøyar som utgjer øygruppa Chinijo. Øya Isla de Lobos ligg nord for Fuerteventura.

El Hierro endre

 
El Hierro delvis dekt av skyer.

El Hierro er den vestlegaste og sørlegaste øya og har eit areal på 268,71 km². Øya er den minste av dei største øyane og den yngste.[3] I tillegg har øya færrast innbyggjarar av desse øyane med 10 558 innbyggjarar (2007).[4] Det høgaste punktet på øya er Pico de Malpaso på 1 501 moh. og Valverde er hovudstaden. Punta de la Orchilla på øya vart lenge sett på som nullmeridianen, då det var det vestlegaste punktet i den kjende verda. Heile øya vart i januar 2000 erklært som biosfærereservat.[3] Som alle dei andre øyane i Kanariøyane er El Hierro ein turistdestinasjon og er kjend for dei vindskjene einene (Juniperus turbinata), det heilage treet Garoé og El Hierro-kjempeøgla. I Valverde ligg flyplassen på øya og ferjeterminal, som begge har samband med Tenerife. I løpet av 2007 hadde flyplassen 184 843 passasjerar, ein auke på 7,8 % frå året før.[5] Energiforsyninga på øya var tidlegare knytt til eit kraftverk drive på diesel på 10MW og 5% av energitilførselen kom frå fornybar energi, som bestod av to vindmøller nær Valverde på 100 kW og 180 kW. I 1997 vedtok øyrådet at alt energiforbruk på øya skulle kome frå en fornybar kjelde, som sol-, vind- eller vasskraft. Prosjektet er finansiert av Generaldirektoratet for energi og transport som er underlagt Europakommisjonen og administrert av Instituto Tecnológico de Canarias. Så langt er det installert anlegg for termisk solenergi og fotoelektrisk solenergi.[6]

Fuerteventura endre

 
Satellittbilete av Fuerteventura. Den nest største av Kanariøyane og den som ligg nærast Afrika.

Fuerteventura er den nest største av Kanariøyane, etter Tenerife, og ligg 97 km vest for det afrikanske fastlandet. Øya er 100 km lang og 31 km brei på det breiaste og dekker eit areal på 1 660 km², 80 km² meir enn den norske øya Senja. Administrativt er øya ein del av provinsen Las Palmas og består av seks kommunar, som totalt har 100 busetnader. Øya har 94 386 innbyggjarar (2007) [4] og 28 357 bur i Puerto del Rosario, hovudstade på øya. Det høgaste punktet er Pico de la Zarza med 812,4 moh, som ligg sørvest på øya. Nord for Fuerteventura ligg den folketomme øya Isla de Lobos på 6 km². Øya ligg på same breiddegrad som Florida og Mexico og temperaturane går sjeldan under 18 °C eller over 24 °C. Øya har 152 strender, der 50 km består av fin kvit sand og 25 km med svart vulkansk singel. Fuerteventura er den eldste av Kanariøyane og vart danna ved eit vulkanutbrot for 20 millionar år sidan. Brorparten av øya er 5 millionar år gammal og er sidan den gong erodert av vêr og vind.

Det første turisthotellet vart bygd på øya i 1965 etterfølgd av bygginga av Fuerteventura lufthamn. I løpet av 2007 hadde lufthamna 4 629 877 passasjerar, ein auke på 3,8 % frå året før.[5]

Gran Canaria endre

 
Satellittbilete av Gran Canaria med halvøya La Isleta i nord.

Gran Canaria ligg søraust for Tenerife og vest for Fuerteventura. Øya har eit areal på 1 560 km² med ein diameter på 50 km. Total kystlengd er 174,5 km og avstanden til Afrika er 190 km. Administrativt er øya ein del av provinsen Las Palmas og er inndelt i 21 kommunar med totalt 815 379 innbyggjarar (2007).[4] Øya er den nest største målt etter folkesetnad, etter Tenerife. Nær halvparten av innbyggjarane på øya bur i hovudstaden (377 203). Andre store kommunar er Telde (98 399), Santa Lucía de Tirajana (58 335), San Bartolomé de Tirajana (49 601), Arucas (35.280), Ingenio (28 132) og Agüimes (27 310).

Den største byen på er Las Palmas de Gran Canaria, som òg er hovudstad for provinsen Las Palmas og den autonome regionen Kanariøyane. Det høgaste punktet på øya er Pico de Las Nieves på 1 949 moh, plassert midt på øya.

I 2005 vart ein tredjedel av sørvestsida på øya eit biosfærereservat. Området dekker tre kommunar, delar av ein kommune og alt over 300 moh. i tre andre kommunar.[7]

Gran Canaria internasjonale lufthamn er den største på Kanariøyane og den einaste med to rullebanar. Lufthamna har kapasitet på 53 landingar og avgangar i timen. Flyplassen ligg aust på Gran Canaria ved Bahía de Gando, om lag 18 km frå Las Palmas og 25 km frå turistområda i sør. I løpet av 2007 hadde lufthamna 10 354 903 passasjerar, ein auke på 0,7 % frå året før.[5]

Lanzarote endre

 
Satellittbilete av Lanzarote med Chinijo-øyane i nord.

Lanzarote ligg lengst aust i øygruppa, 11 km nordaust for Fuerteventura. Lanzarote er den fjerde største øya i øygruppa og har et areal på 845,9 km².[8] Øya er 60 km lang, 25 km brei og har ei kystlengd på 213 km. Av dei 132 366 innbyggjarane på øya bur 56 834 i den største byen på øya, Arrecife.[4] Sidan øya er relativt låg og har lite vegetasjon, så fangar øya lite av fukta passatvinden fører med seg, og øya har derfor berre om lag 115 mm nedbør i året. Plantene er derfor tilpassa eit tørt klima og drikkevatn kjem frå avsalting av sjøvatn. Trass i det tørre klimaet har øya ein rik flora, der 20 planter er endemiske.[9]

Timanfaya nasjonalpark vart danna etter eit vulkanutbrot som fann stad mellom 1730 og 1736. Det høgaste punktet er Peñas del Chache, i Massif de Famara, med 670 meter over havet. Heile øya vart erklært et biosfærereservat 7. oktober 1993.[9]

Viktigaste næringsveg er turisme som starta i 1960-åra.

Øya vart namngjeven av Angelino Dulcert som Insula de Lanzarotus Marocelus, etter den genovesiske sjøfararane Lancelotto Malocello.

La Gomera endre

 
Satellittbilete av La Gomera. Skogen midt på øya er ein del av Garajonay nasjonalpark.

La Gomera er den nest minste av hovudøyane og har eit areal på 369,76 km². Øya er av vulkansk opphav som dei andre øyane og er rund, med ein diameter på 22 km.

Garajonay nasjonalpark vart oppretta som nasjonalpark i 1981 og vart ein del av verdsarvlista til UNESCO i 1986. Nasjonalparken ligg midt på og nord på øya og dekker eit område på 40 km². I nasjonalparken ligg det høgaste punktet på øya, Garajonay på 1487 moh.

Øya er ein del av provinsen Santa Cruz de Tenerife og er inndelt i seks kommunar. Den største byen og hovudstaden er San Sebastián de La Gomera, der nær ein tredjedel av dei 22 259 innbyggjarane på øya bur (2007).[4]

La Gomera var siste hamn for Kristoffer Columbus før han kryssa Atlanterhavet i 1492.

La Palma endre

 
Satellittbilete av La Palma. På midten av øya kan ein sjå krateret til Caldera de Taburiente.

La Palma har eit areal på 706 km² og 85 933 innbyggjarar (2007).[4] Den største byen på øya er Santa Cruz de La Palma.

Tenerife endre

 
Satellittbilete av Tenerife. På midten av øya kan ein sjå vulkanen Teide.

Tenerife har eit areal 2 034 km² og 865 071 innbyggjarar (2007).[4] Santa Cruz de Tenerife er hovudstaden på øya og sete for øyrådet (cabildo insular). Han er den nest største byen på Kanariøyane etter Las Palmas de Gran Canaria, samt hovudstad i det autonome området Kanariøyane i lag med Las Palmas de Gran Canaria. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife den einaste hovudstaden på Kanariøyane.[10][11]

På øya ligg La Laguna universitet, som vart grunnlagd i 1792. San Cristóbal de La Laguna (verdsarvstad) er den nest største byen på øya og den tredje største i øygruppa. På Tenerife ligg òg Teide, det høgaste fjellet i Spania og i Atlanterhavet og den tredje høgaste vulkanen i verda målt frå foten av fjellet. Teide er òg ein verdsarvstad.[12]

Den eldste fjellkjeda på Tenerife steig opp frå Atlanterhavet under eit vulkanutbrot som skapte øya for rundt tolv millionar år sidan.[13] Øya som ho er i dag vart forma for tre millionar år sidan då tre øyar vart slått saman, med fjellkjedene Anaga, Teno og Valle de San Lorenzo.[13] Den vulkanske aktiviteten på Teide var årsaka til denne samanslåinga. Vulkanen er i dag synleg frå dei fleste stader av øya, og krateret er på det største 17 km på tvers.

I tillegg ligg det høgaste fjellet i heile Spania på Tenerife, Teide, med ei høgd på 3718 meter over havet.[14]

Chinijo-øyane endre

Chinijo-øyane består av seks mindre øyar:

Øy Hovudstad Areal km² Folketal
Alegranza Ikkje busett 10,2 Ikkje busett
La Graciosa Caleta de Sebo. 29,05 658 (2006)
Montaña Clara Ikkje busett 1,33 Ikkje busett
Roque del Este Ikkje busett 0,06 Ikkje busett
Roque del Oeste Ikkje busett 0,0158 Ikkje busett

Geologi endre

 
Utsyn mot Teide

Øygruppa består av fjell som stuper bratt ned mot kysten. Berggrunnen har vulkansk opphav. Vulkanen Teide på Tenerife er den tredje høgaste vulkanen i verda som ligg på ei vulkanøy og Pico dei Teide har ei høgd på 3718 moh.

Kanariøyane vart danna ved opninga av Atlanterhavet frå juratida og fram til i dag. Alle øyane utanom La Gomera har hatt vulkansk aktivitet den siste millionen år. Landskapet vart heva i tertiærtida som ein del av Atlasfjella

Nasjonalparkar endre

Fire av nasjonalparkane i Spania ligg på Kanariøyane og ingen andre spanske autonome regionar har så mange:

Historie endre

Forhistorie endre

 
Guanche-pyramidane i Güímar

Den eldste busetnaden på øyane er datert med C-14-metoden til om lag 500 f.Kr. Dette kan henge saman med kartagenaren Hanno si sjøreise langs kysten av Afrika mellom 450 og 425 f.Kr. Hanno hadde som oppgåve å skipe nye koloniar. Det finst ei datering på La Graciosa som er eldre (ca. 800 f.Kr.), men ingen funn tyder på at dette var ein busetnad. Kanskje kan alt fønikarane vore innom øyane (ca. 1000 f.Kr.) og sett namnet «Purpurøyane» på Lanzarote og Fuerteventura.

Øyane vart hovudsakleg folkesett av forskjellige grupper med berbarar frå Nord-Afrika. DNA-analyser av skjelett viser òg innvandrarar frå Pyrenéhalvøya, øyar i Middelhavet, Midtausten, Afrikas horn og frå områda sør for Sahara.

Folkesetnadane som kom til øyane, hadde ulike tradisjonar, ulike religionar og var ulike av utsjånad. Ei og same øy hadde dermed folkesetnader med ulike kulturar. Ingen veit sikkert når dei ulike gruppene kom til dei forskjellige øyane - eller i kva rekkefølge dei kom. Desse vert i dag rekna som urfolk på Kanariøyane. Urbefolkninga tok/fekk seinare namn etter kvar øy dei budde på. Guanchane levde på Tenerife (opphavleg Chenerfe), bimbaches på El Hierro (opphavleg Hero = sisterane), gomerarar på La Gomera og auaritas på La Palma (Benahoare). Ingen kjenner dei lokale namna til urbefolkningane på Lanzarote, Fuerteventura og Gran Canaria. Europearane gav namnet majos for innbyggjarane både på Lanzarote og Fuerteventura. Seinare vart majos berre nytta om urbefolkninga på Lanzarote. Urbefolkninga på Fuerteventura fekk namnet majoreros. Det opphavlege namnet på Fuerteventura kan ha vore Erbani ('muren', etter ein mur som delte landområda Jandia i sør og Maxorata i nord. Det opphavlege namnet på Gran Canaria og dei innfødde der, er ukjend. På Museo Canario i Las Palmas vert namnet Tamarán ('palmelund') nytta som dei innfødde sitt namn på øya.

 
Kart over dei vestlege øyane frå 1375.

Ordet canaria dukkar første gong opp hos Plinius den eldre. Han hevder at ordet stammer frå nokre store hundar (latin cane tyder 'hund') som vart gjevne i gåve til kong Juba av Mauretania. Denne teorien er no forlaten av dei fleste forskarane. Tilbake står tre teoriar: At Plinius den eldre skreiv feil av den greske kjelda si og at dyra skal vere Canis marinus ('sel'). Eller at namnet kjem etter at ei folkegruppe kalla canarii vart deportert av romarane etter eit opprør i Atlasfjella år 42. Den tredje teorien kan vere at namnet kjem frå ganar-folket som budde på den afrikanske sida av sundet over mot øyane, kalla Gannaria.

Romarane hadde elles eigne namn på fem av øyane, dei som vart kalla «dei lykkelege øyane» (lat. fortunatas insulas) : El Hierro (Pluvalia el. Ombrion), La Gomera (Capraria), La Palma (Junonia), Tenerife (Ninguaria/Nivaria) og Gran Canaria (Canaria og Planasia). Fuerteventura og Lanzarote gjekk under fellesnamnet Purpurøyane (lat. pupurariis).

Arnobius frå Sicca er den første som omtaler heile øygruppa for Kanariøyane (lat. Insulas Canarias) om lag år 300. Dagens namn på kvar av øyane stammar frå tida etter at europearane fann tilbake til øyane på 1300-talet. Lanzarote får namnet etter Lancelotto Malocello, leiaren for de genuesiske sjøfararane som kom til øya rundt 1312. Genuesarane måtte rømme øya 1338. I 1339 finst Lanzarote, Fuerteventura og Vesci Marini (seinare Los Lobos) på eit kart laga av Angelino Dulcert. Gran Canaria skal ha fått tillegget grand av normannarane etter fleire forsøk på å erobre øya 1404 og 1405. Tenerife er ein spansk skrivemåte for Chenerfe, Tenerfe eller Achineche (snø på toppen/fjellet) som var guanchane sitt namn på øya. Derav namnet guanche: guan-chenerfe (ein som bur på Chenerfe). Den ulike bokstaveringa skuldast usemje mellom dei første kronikørane om skrivemåten av det dei høyrte. La Palma fekk namnet av spanjolane for dei mange palmane som voks her. La Gomera skal ifølge opplysningar frå dei innfødde alltid ha vore kalla Gomera. På kartet til Dulcert vert øya kalla Gommaria. De normanniske erobrarane på 1400-talet kalla El Hierro for Ile de fer (jernøya). Øya fekk truleg dagens namn som ei direkte omsetjing til spansk (hierro = jern).

Omgrepet guanche er ukorrekt omtalt i mange leksikon som eit felles namn på alle urfolk på Kanariøyane. Dette baserer seg på ei mistyding og stammer frå ein fransk offiser som hevdar dette i ei reiseskildring 1801. Franskmennene tok til seg namnet, tras i mange protestar frå vitskapsmenn på Kanariøyane. Omgrepet etablerte seg likevel i språket - særskild fordi ingen kjente namnet på dei innfødde som levde på Gran Canaria. Dei siste 30 åra prøvde ein å korrigere feilen. I media og skulane vert det i dag skild mellom guanchane på Tenerife og los aburigenes på Gran Canaria. Før 1800-talet vart det i offentlege dokument nytta fellesomgrepet canarios for de innfødde. Det vanlegaste er likevel at dokumenta skildrar dei innfødde som indigenes eller aburigenes på den øya dei høyrte til.

Erobringa av Kanariøyane endre

 
Ekspedisjon til Kanariøyane. Miniatyr frå Le Canarien frå rundt 1404.

Då den siste festninga til krossfararane fall i Akko i 1291 vart handelsvegane mot aust stengde for europearane. Handelshus - særskild på den italienske halvøya - starta å leite etter ei rute rundt Afrika. Dette førte til at genovesaren Lancelotto Malocello og mannskapet hans gjenoppdaga Kanariøyane rundt 1312. Genovesarane heldt kanskje til på Lanzarote (sjå over) i over tjue år. Dei vitja òg naboøya og gav ho namnet Forteventura. I 1338 vart dei jaga frå øyane av dei innfødde.

Nyhenda om øyane fekk den portugisiske kongen Alfonso IV til å sende ein ekspedisjon i 1341 leia av Angiolino del Tagghia frå Firenze og Nicoloso da Recco frå Genova. Portugal ønskte ein base på Kanariøyane i forsøka på å finne gull på Afrika-kysten. Meldingane frå denne denne ekspedisjonen gjorde Kanariøyane kjende i heile Europa. Dette førte til ein dragkamp om retten til øyane mellom Portugal, Aragon, Mallorca og Castilla. Frå desse landa vart fleire ekspedisjonar sendt til øyane for å etablere støttepunkt i åra som følgde. Det førte til at mange innfødde vart tekne slavar. Pave Klemens VI fekk kjennskap til øyane og ville kristne dei. Han utnemnde arveprinsen i Castilla, Luis de la Cerda, til prins over La Fortuna. Prinsen kom aldri til Kanariøyane og døydde i 1348.

I 1351 gjorde paven eit nytt forsøk ved å erklære øyane for bispedømet La Fortuna (7. november). Kongedømet Aragon fekk stønad til å gjennomføre prosjektet. Ein ekspedisjon under Arnaldo Roger ankra opp i bukta ved dagens Telde på Gran Canaria og fekk til ein overeinskomst med dei innfødde. Så starta europearane å bygge ein katedral. I ein pavebulle heiter det mellom anna at staden der ein reiser ein katedral, må vere ein by. Derfor reknar Telde grunnlegginga si til 7. november 1351 og er dermed den eldste byen (i europeisk forstand) på Kanariøyane. I 1369 vart den tredje biskopen (og den første som kom til Kanariøyane) utnemnd - denne gongen til bispedømet Telde. Då vart det òg bygt ei festning ved Gando (der flyplassen på Gran Canaria ligg i dag). Castilla ønskte ikkje å la Aragon få herredømet over Kanariøyane. Derfor gjorde dei strandhogg på Gran Canaria, tok slavar og drap innfødde. Dei innfødde svarte med å gjere opprør i 1393. Både katedralen og festninga vart brent og dei fleste europearane drepne.

Det neste forsøket på å erobre øyane kom i 1402. Normannarane Jean de Bethencourt og Gadifer de la Salle fekk løyve til å erobre øyane på vegner av kongen i Castilla. Betencourt og De la Salle avtalte med ein lokal høvding på Lanzarote om å bygge ei festning i Rubicón på sørsida av øya. Då dei innfødde gjorde opprør mot inntrengarane, tvinga normannarane den lokale «kongen», Guadarfia, til å underkaste seg og la seg døype. Etter mange mislukka forsøk klarte dei òg å sigre over dei innfødde på Fuerteventura. Seinare tok de El Hierro ved hjelp av forræderi. Dessuten erobra dei ein liten del av den nordaustre La Gomera. Derimot klarte dei aldri å ta dei innfødde på øyane La Palma, Tenerife og Gran Canaria. Derfor vart bispesetet for Kanariøyane offisielt overført frå Telde til Rubicón i 1404.

Dei to leiarane vart etter kvart ueinige om maktfordelinga. De la Salle drog tilbake til Frankrike. Bethencourt henta da nevøen sin Maciot for å hjelpe til med å administrere øyane. Kong Juan II av Castilla gav han rett til å prege myntar, men gav ingen støtte til å erobre dei andre øyane. Derfor overlet Bethencourt ansvaret til Maciot og forlét Kanariøyane i 1412.

Den normanniske perioden slutta i 1418. Då selde Maciot rettane over dei erobra øyane til greven av Niebla mot å få administrere øyane på livstid. Kong Juan II nytta salet til å erstatte normannisk med kastiljansk lov på øyane. Samstundes gav han adelsmannen Alfonso de Las Casas rettane til dei øyane som enno ikkje var erobra. Dette førte til krangel innan den kastiljanske adelen, ein konflikt Portugal prøvde å utnytte.

Ved to høve, 1424 og 1427, sendte portugisarane store flåtestyrkar mot Gran Canaria. Begge gongane vart dei slått tilbake. Castilla vende seg til paven og kravde erstatningar. Ein hevda at Castilla er «arving» til det vestgotiske riket som fram til 711 strekte seg ned til Mauretania Tingitana på Afrikakysten og at Kanariøyane var ein del av dette riket. Kurien til paven avgjorde at Castilla derfor skulle ha retten til øyane. I Portugal hadde bror til kongen, Henrik Sjøfararen fått ansvaret for verksemda til landet langs kysten av Afrika. Han protesterte mot vedtaket. Paven sette ned ein kommisjon som kom fram til Portugal fekk rett til å erobre område som framleis var i hendene på heidningar. Castilla viste igjen til det vestgotiske riket og hevda at det ikkje dreier seg om erobring, men «gjenerobring». Resultatet vart pavebullen «Dudum cum ad nos» som godkjente totale dominans over Kanariøyane for Castilla.

Portugisarane gav seg ikkje. Henrik nektet å bøye seg for vedtaket til paven og overtalte Maciot til å la han forpakte Lanzarote. Både portugisisk lov og mynt vart innført på øya frå 1448. Greven av Niebla hadde fått økonomiske problem i 1430 og selde rettane sine til etterkomarane etter Alfonso de Las Casas. Desse organiserte eit opprør mot portugisarane, anklagde Maciot for høgforræderi og tar over makta igjen frå 1450. I 1452 var Inés Peraza einaste arving etter Las Casas. Ho gifta seg med Diego Garcia de Herrera. Saman med biskop Illescas planla dei å erobre Gran Canaria utan kamp. I 1458 fekk dei til ein avtale med dei innfødde i Telde-området om å etablere ein handelsstasjon der. Samstundes bygde dei opp att festninga ved Gando - for å forsvare handelsstasjonen og den lokale folkesetnaden mot slavehandlarar. Henrik Sjøfareren forstod at sjansane til Portugal var i ferd med å forsvinne. Han sendte derfor ein flåte under leiing av Diego da Silva for å øydelegge festninga ved Gando. Da Silva erobra festninga og slo seg til der. Samstundes døydde Henrik Sjøfareren. Den portugisiske kongen vart svoger til kong Enrique IV av Castilla og gav Da Silva ordre om å gje tilbake festninga. Da Silva gjekk med på dette mot å få gifte seg med dottera til paret Peraza-Herrera. Dette gjekk i orden og saman prøvde dei å kontrollere Gran Canaria. Biskop Illesca ville utnytte freden til å bygge ei ny kyrkje. Dei innfødde hadde dårleg erfaring med europearar og kravde tretti europeiske barn som gislar for at dei ikkje skulle bli lurt igjen. Trass store protester vart dette kravet oppfylt. Fransiskanarar fekk ansvaret for å bygge ei kyrkje saman med ei festning i Telde. Seinare drog både ekteparet Peraza-Herrera og familien Da Silva frå Gran Canaria. Innan dei drog, gav dei ordre om at garnisonen som vart tilbake, skulle gjere alt for å svekke dei lokale innbyggjarane. Dette skjedde, men dei innfødde gjorde opprør mot soldatane og kyrkja. Både festninga ved Gando og festningskyrkja i Telde vart brent ned. Dei fleste europearane som overlevde, flykta frå øya. Barna som var plasserte rundt på øya som gislar, vart tilbake.

I 1469 inngjekk Castilla og Aragon avtale om ekteskap mellom prinsesse Isabella I av Castilla og arveprins Ferdinand II av Aragón. Isabella var halvsyster av kong Henrik IV. Arvingen til trona i Castilla var dottera Juana som kongen hadde med syster av den portugisiske kongen. Då Henrik IV døydde, venta Alfonso V av Portugal at niesa skulle arve trona. Derimot vart det Isabela, som med støtte av ei gruppe adelsmenn, som utropte seg til dronning av Castilla. Den portugisiske kongen erklærte då krig mot Castilla. Denne arvefølgjekrigen førte til ny interesse for Kanariøyane. Portugal hadde funne gull på kysten av Afrika og ønskte ein forsyningsbase på øyane. Eit opprør mot Herrera på Lanzarote fekk Isabella til å tvile på at den kastiljanske adelen styrte øyane godt nok. Ho var redd dei innfødde ikkje vil hjelpe til med å halde portugisarane borte. Dessuten mente ho at adelen gjorde for lite for å «sikre» øyane som ikkje var erobra. Både ho og Ferdinand innsåg at dei ikkje hadde økonomi til å sette i gang nye erobringsforsøk. Derfor søkte dei hjelp i utlandet. Pave Sixtus IV gav støtte til å bygge nye kloster og kyrkjer på dei erobra øyane. Dessuten fekk kongeparet midlar til å utruste ein hær for å erobre dei øvrige øyane. Vilkåret var at bispesetet skulle flyttast frå Rubicón tilbake til Telde.

I juni 1478 sigla ein flåte sørover mot Gran Canaria. Han vart leia av Juan Rejon og ein representant for kyrkja. Dei vågde ikkje gå i land ved Telde. Rejon sette i land hæren sin i ei bukt nordaust på øya. De forskansa seg der etter at Rejon og kyrkjemannen hadde teke området på vegner av krona i Castilla. Dei døpte staden for El Real de Las Palmas. Dei innfødde hadde vore vande til å kaste europearane på havet, men denne gongen starta ein langvarig og blodig krig som varte i fem år. I løpet av den tida var «kongen» deira (guanarteme) vorte fanga, sendt til Castilla og kristna innan han vart sendt tilbake som Fernando Guanarteme. Han fortalte om kva overmakt dei innfødde stod overfor og bad dei overgje seg til Pedro de Vera, den nye hærføraren frå Castilla som hadde ansvaret for erobringa etter usemje mellom Rejon og kyrkja. Den siste rest av motstand tok slutt den 29. april 1483. Samstundes tok dei to leiarane for motstanden liva sine ved å kaste seg ut frå «festninga» deira, klippen Ansite.

Pedro de Vera hjelpte òg til då resten av La Gomera vart erobra. Han gjekk så hardt fram mot dei lokale innbyggjarane at dronning Isabela avsette han.

Ein annan hærførar som medverka til erobringa av Gran Canaria, var Alfonso Fernández de Lugo. Kongeparet gav han retten til å erobre La Palma. På La Palma hadde auaritane tidlegare latt europearar opprette handelsplassar. Derfor vart dei overrumpla av åtaket, men gjorde sterk motstand under leiaren Tanausú. Fernández de Lugo gav Tanausú tilbod om ein fredsavtale, men lokka han i bakhald. Mange innfødde vart sendt til slavemarknadene i Sevilla. Tanausú svelta seg ihel undervegs.

Alfonso Fernández gav kongeparet tilbod om å ikkje gje han løn for å ha erobra La Palma dersom han fekk løyve til å erobre Tenerife. Han gjekk til åtak på øya med ein hær av tidlegare innfødde frå Gran Canaria og La Gomera i 1494. I tre av områda sør på Tenerife hadde Herrera tidlegare etterlate nokre munker. Dei hadde «pasifisert» den delen av øya og guanchane her valde å samarbeide med invasjonshæren. Guanchane på nordsida av øya samla seg til motstand under sin mencey (konge). Fernández kravde at dei skulle underkaste seg trona til Castilla. Guanchane avviste kravet og jagde inntrengarane frå øya etter blodige kamper. Fernández de Lugo overlevde mirakuløst og innsåg at han trengde meir rutinerte soldatar. Etter to år hadde han samla ein ny hær og denne gongen lukkast han betre. Over tusen guanchar fall i eitt av slaga og motstanden vart knust. Fernández grunnla La Laguna. Frå september 1496 tilhøyrte alle Kanariøyane Castilla-Aragon og vart etter dette ein del av historia til det komande Spania.

Samfunn endre

Politikk endre

 
Kart over Kanariøyane som viser provinsgrensene.

Den autonome regionen Kanariøyane består av to provinsar, Las Palmas og Santa Cruz de Tenerife. Hovudstadane i provinsane er Las Palmas de Gran Canaria og Santa Cruz de Tenerife, som begge er likestilte i den autonome regionen. Kvar av dei sju største øyane er styrt av eit øyråd under namnet cabildo insular.

Den internasjonale grensa til Kanariøyane er omstridt mellom Spania og Marokko.

Øyane har 13 sete i Det spanske senatet. Av dei 13 er 11 direktevalde, tre frå Gran Canaria, tre frå Tenerife og ein for kvar av dei øvrige øyane. Dei to siste seta er indirekte vald av den autonome regjeringa.

Økonomi endre

Turisme endre

Antall turister som besøkte Kanariøyane i 2016, per destinasjon øya (i tusen):[15]

Religion endre

Majoriteten av befolkninga tilhøyrer den Den katolske kyrkja, men hovedsakleg på grunn av turisme er andre viktige minoritetsreligionar som islam, hinduisme, buddhisme, evangelisk kristendom, jødedom, afrokubansk og kinesisk folketru, bahai og neopaganisme som Iglesia del Pueblo Guanche representert blant 5 % av innbyggjarane.[16]

Kjelder endre

  1. «Official Population Figures of Spain. Population on the 1 January 2009» (PDF). Instituto Nacional de Estadística de España. Henta 29. september 2009. 
  2. History. grancanaria.com. Vitja 2. februar 2020
  3. 3,0 3,1 «Biosphere Reserve Information - El Hierro» (på engelsk). UNESCO. Henta 19. mai 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 «Boletín Oficial del Estado» (på spansk). Ministerio de Economía y Hacienda. 28. desember 2007. Henta 19. mai 2009. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Tráfico de pasajeros, operaciones y carga en los aeropuertos españoles» (PDF) (på spansk). Aeropuertos Españoles y Navegación Aérea. Henta 19. mai 2009. 
  6. «El Hierro 100% RES» (på engelsk). International Scientific Council for Island Development. Henta 19. mai 2009. 
  7. «Biosphere Reserve Information - Gran Canaria» (på engelsk). UNESCO. Henta 19. mai 2009. 
  8. «Superficie de las islas» (på spansk). Gobierno de Canarias. Henta 19. mai 2009. 
  9. 9,0 9,1 «Biosphere Reserve Information - Lanzarote» (på engelsk). UNESCO. Henta 19. mai 2009. 
  10. Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 på spansk Wikisource
  11. Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 en el sitio web oficial del Gobierno de Canarias
  12. Parque nacional del Teide: web oficial de Turismo de Tenerife
  13. 13,0 13,1 «Origins of the island». About Tenerife.com. Arkivert frå originalen 19. mai 2013. Henta 15. oktober 2008. 
  14. Red de Parques Nacionales (Ministerio de Medio Ambiente), arkivert frå originalen 11. juli 2012, henta 17. februar 2010 
  15. Número de turistas que visitaron Canarias en 2016, por isla de destino (en miles)
  16. «Un 5% de canarios profesa una religión minoritaria», laopinion.es

Bakgrunnsstoff endre