Grand Banks er ei gruppe undervassplatå sørvest for Newfoundland. Området er relativt grunt med 25 til 100 meter djupne. Den kalde Labradorstraumen blandar seg her med det varme vatnet frå Golfstraumen. Blandinga av vatnet frå desse to straumane og forma på botnen løfter næringsstoff frå botnen opp til overflata. Dette området er difor eit av dei beste fiskeområda i verda. Her er også svært mykje sjøfugl.

Kart over Grand Banks

Blandinga av varme og kalde straumar gjer også at dette er ei av dei stadene i verda med mest tåke.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.