Grand Tournalin
Grand Tournalin er eit 3 379 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Aostadalen i Italia. Toppen ligg mellom fjelldalane Val d'Ayas og Valtournenche.
Grand Tournalin | |||
fjell | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 3 379 moh. | ||
Koordinatar | 45°55′01″N 7°34′35″E / 45.91694°N 7.57639°E | ||
Grand Tournalin 45°52′17″N 7°41′13″E / 45.8714°N 7.68682°E | |||
Wikimedia Commons: Grand Tournalin |
Fjellet er eit mykje besøkt turmål. Frå toppen er det ei framifrå utsikt mot Monte Rosa og Matterhorn. Den 8. august 1863 kleiv Edward Whymper og Jean-Antoine Carrel til topps som dei fyrste, mellom anna for å sjå seg ut ei passande rute til topps på grannefjellet Matterhorn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grand Tournalin» frå Wikipedia på italiensk, den 24. juni 2013.