Monte Rosa

Monte Rosa er eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i Italia (Piemonte og Aostadalen) og Sveits (Valais). Dufourspitze er den høgaste toppen i Monte Rosa-massivet og det høgaste fjellet i Sveits med ei høgd på 4 634 meter over havet.

Monte Rosa
Fjellkjede
Mountains of Zermatt.jpg
Dufourspitze (venstre) og Lyskamm (midten)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Italy.svg Italia
Regionar Valais, Piemonte, Aostadalen
Del av Wallis-Alpane, Alpane
Høgaste punkt Dufourspitze
 - høgd 4 634 moh.
 - koordinatar 45°56′12.6″N 07°52′01.4″E
Map
Monte Rosa
45°56′12″ N 7°52′1″ E
Wikimedia Commons: Monte Rosa

Namnet kjem ikkje frå det italienske ordet «rosa» (som har same tyding på norsk) som mange trur, men frå det frankoprovsensalske ordet roisa som tyder «isbre». [1]

På klåre dagar, som ein ofte har her, er Monte Rosa-massivet eit flott syn frå Posletta, særleg i dei øvre områda vest i Lombardia og aust i Piemonte. Det dominerer horisonten og tårnar opp omkring dei mindre alpetoppane i nærleiken. Utsikta er særleg vakker frå Malpensa internasjonale flyplass.

Det ligg fleire skistader rundt Monte Rosa-massivet. Plateau Rosa i ei høgd på om lag 3 500 meter er eit kjent sommerskisenter med permanent snødekke året rundt på grunn av høgda. Ein kan nå skisenteret med taubane frå Cervinia. Andre skisenter i omegnen er Zermatt, Gressoney, Champoluc, Alagna Valsesia og Macugnaga. Monte Rosa er ikkje vanskeleg å nå toppen av, men kan vere utfordrande nok og farlege for uerfarne folk, særleg på grunn av brå vêrendringar og bresprekker.

FjelltopparEndra

  1. Dufourspitze (4 634 m)
  2. Ostspitze (4 632 m)
  3. Grenzgipfel (4 618 m)
  4. Nordend (4 609 m)
  5. Zumsteinspitze (4 563 m)
  6. Signalkuppe (Punta Gnifetti) (4 554 m)
  7. Silbersattel (4 515 m)
  8. Grenzsattel (4 453 m)
  9. Parrotspitze (4 432 m)
  10. Ludwigshöhe (4 341 m)
  11. Schwarzhorn (4 322 m)
  12. Vincent-Pyramide (4 215 m)
  13. Balmenhorn (4 167 m)
  14. Punta Giordani (4 046 m)

IsbrearEndra

KjelderEndra

  1. «Italia/Piemonte, aree turistiche». Kataweb. Henta 3. desember 2006. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Monte Rosa

Koordinatar: 45°56′12.6″N 07°52′01.4″E