Grande Dixence er eit vasskraft-kompleks som består av den 285 meter høge Grande Dixence-demninga og kraftstasjonane Bieudron, Fionnay, Nendaz og Chandoline i kantonen Valais, heilt sørvest i Sveits.

Grande Dixence

Kart
Grande Dixence
46°04′52″N 7°24′10″E / 46.0810276°N 7.4027976°E / 46.0810276; 7.4027976
Foto over utsikta frå Grande Dixence-demninga.
Kart over Dix-reservoaret med Grande Dixence-demninga.

Bieudron-stasjonen i Cleuson har tre peltonturbinar kvar på 432 - 449 MW, med totalt installert vasskrafteffekt på 1269 MW. Direkteeffekten av Grand Dixence og litt kraft frå Mauvoisin-demninga (128 MW), gjev ein vannkraftproduksjon på inntil 1800-2100 MW i heile komplekset.

Grande Dixence vasskraftverk er eit kompleks som omfattar følgjande fire kraftstasjonar:

  • Bieudron - 1269 MW, 3 turbinar, høgdefall 1883 m
  • Fionnay - 290-321 MW, 12 turbinar, høgdefall 874 m
  • Chandoline - 150 MW, 10 turbinar, høgdefall 1748 m
  • Nendaz - 390-408 MW, 12 turbinar, høygefall 1008 m

Reservoara omfattar Lac de Cleuson på 0,51 km², og Lac des Dix på 3,65 km². Sistnemnde blir regulert av Grande Dixence-demninga, som er heile 285 meter høg og dermed den høgaste i Europa. Vekta til demninga er 15 millionar tonn, meir enn vekta av Keops-pyramiden. Innsjøen, som ligg 2364 moh, blir inntil 284 meter djup når han er fylt opp med inntil 400 millionar m³ vatn.

Dei fire kraftstasjonane ligg 1800 meter lågare enn demninga, altså på om lag 550 moh nede i Rhône-dalen. Det er i tillegg eigne pumpestasjonar i Arolla, Ferpècle, Stafel og Z'Mutt. Operatørselskapet er det lokale konsortiet Grande Dixence SA, som vart grunnlagt i 1950 og held til i byen Seten. Årleg produksjon er på om lag 2 TWh, som utgjer om lag ein femtedel av den elektriske krafta som blir produsert ved hjelp av oppdemming i Sveits.

Den første demninga i Grande Dixence vart bygd 1922-47, men dagens store demning vart nybygd frå 1951 til 1965, gjennom 15 års anleggsarbeid. I 1958 vart vekselstasjonen i Chamoson sett opp, og i løpet av tjue år var totaleffekten oppe i 800 MW. Dette vart meir enn dobla gjennom anleggsarbeid 1993-98, då kraftstasjonen i Cleuson vart bygd ut.

I år 2000 oppstod det eit brot i det eine avløpsrøret for vatn frå demninga, og anlegget vart stengt for rekonstruksjon. Dette starta i 2005 og stod ferdig i 2010.

Bakgrunnsstoff endre