Grandes Jorasses er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 4 208 meter over havet.

Grandes Jorasses
fjell
Nordsida av Grandes Jorasses og Leschauxbreen (september 2000)
Land  Frankrike,  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 4 208 moh.
Primærfaktor 841 m
Lettast tilkomst Pointe Walker, sørvestsida
Førstestiging Horace Walker, Melchior Anderegg, Johann Jaun og Julien Grange, 30. juni 1868
Koordinatar 45°52′N 6°59′E / 45.867°N 6.983°E / 45.867; 6.983
Kart
Grandes Jorasses
45°52′00″N 6°59′00″E / 45.866666666667°N 6.9833333333333°E / 45.866666666667; 6.9833333333333
Wikimedia Commons: Grandes Jorasses

Den første klatringa av den høgaste toppen på fjellet, Pointe Walker, gjorde Horace Walker med fjellførarane Melchior Anderegg, Johann Jaun og Julien Grange 30. juni 1868. Den nest høgaste toppen på fjellet (Pointe Whymper, 4 184 m) vart først klatra av Edward Whymper, Michel Croz, Christian Almer og Franz Biner 24. juni 1865.

Dei andre toppane på fjellet er Pointe Croz (4 110 m), Pointe Margherita (4 065 m), Pointe Elena (4 045 m) og Pointe Young (3 996 m).

Nordsida endre

Nordsida av fjellet er ein av dei seks store nordsidene i Alpane. Han er ein av dei mest kjende fjellveggane i Alpane og strekker seg 1 200 meter over Leschauxbreen, og er 1 km brei. Den klassiske ruta opp veggen heiter Walker Spur, som fører rett til toppen av Pointe Walker.

Kjelder endre

  • Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994

Bakgrunnsstoff endre