Grant Wood (13. februar 189212. februar 1942) var ein USA-amerikansk kunstmålar, fødd i Anamosa i Iowa. Dei mest kjende verka hans er American Gothic (1930) og Daughters of Revolution (1932).

Grant Wood
Grant Wood.jpg
Fødd 13. februar 1891
Anamosa
Død

12. februar 1942
Iowa City

Sjanger portrettmåleri
Yrke kunstmålar, kunstlærer, universitetslærar, grafiker
American Gothic, 1930
Daughters of Revolution (1932)

Wood studerte i Paris og München i 1920-åra og vart interessert i eldre, tysk målarkunst. Etter at han kom attende til USA, slo han seg nær fødestaden sin i Iowa og skildra amerikansk liv og natur i måleria sine. Stilen hans er naturalistisk, streng og røyndomsnær, påverka av flamsk måleri. Wood er ein av dei mest særprega kunstnarane i moderne amerikansk kunstmåleri.

KjelderEndra