65°19′38.838″N 12°27′2.1600″E / 65.32745500°N 12.450600000°E / 65.32745500; 12.450600000 Gravfjorden er ein fjordarm av Ursfjorden i Brønnøy og Sømna kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km nordaustover til Hongsetstøen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Forneset i vest og Storvikodden i aust. Storvika ligg utanfor fjorden. Det er ingen vegsamband i fjorden, men det ligg to gardar på søraustsida. Nordvestsida av fjorden er bratt og Seljemarkfjellet stig bratt opp til 375 meter over havet.