Gravitasjonslinse

Ei gravitasjonslinse er eit objekt, som ein galaksehop, mellom ei fjerntliggande kjelde (ein galakse i bakgrunnen) og ein observatør, som bøyer lyset frå kjelda gjennom ein linse-effekt når lyset kjem mot observatøren. Effekten vart føresett av den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein, og vart først observert i 1979.

Lys blir bøygd kring eit massivt objsket frå ei fjerntliggande kjelde. Den oransje pila syner den tilsynelatande plasseringa til bakgrunnskjelda. Den kvite pila syner vegen lyset går.
I formasjonen kjend som Einstein-krossen, vert fire bilete av den same fjerntliggande kvasaren synt kring ein galakse i framgrunnen, på grunn av ei kraftig gravitasjonslinse.

Romtida kring eit massivt objekt (som ein galaksehop eller eit svart hòl) er bøygd, og som følgje av dette vil òg lysstråler frå ei kjelde lenger bak bli bøygd gjennom romtida.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gravitasjonslinse