Greåker Idrettsforening
Greåker Idrettsforening er eit idrettslag i bydelen Greåker i Sarpsborg kommune. Laget, som vart stifta 6. april 1919, er i dag ein rein fotballklubb. Seniorlaget spelar i 2015 på nivå seks? i norsk fotball. I alle år har laget spelt heimekampane på Moa i Greåker, i grå trøyer og raude bukser og strømper.
Fotballaget til Greåker hadde si beste tid i tiåret 1951-61. Klubben spelte i Hovedserien 1951/52, 1955/56 og perioden 1958-62. I 1959 nådde laget semifinalen i NM-cupen og tapte 0-2 mot Sandefjord Ballklubb. Sesongen 1960/61 plasserte Greåker seg på fjerdeplass i B-avdelinga av Hovedserien, men i maratonserien 1961-62 enda laget nest sist av dei 16 deltakande klubbane. Dermed vart det nedrykk til 2. divisjon og snart var Greåker einast med i lokalt seriespel. Bjørn Spydevold og sonen Thor Spydevold, samt Erik Engsmyr var dei fremste Greåker-spelarane i perioden.
Tidlegare dreiv Greåker IF med idrettane bandy, bryting, friidrett, handball og skiidrett.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Greåker Idrettsforening» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2015.