Thor Spydevold

norsk fotballspelar

Thor Spydevold (fødd 15. august 1944) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Greåker i Østfold, cupmeister 1966 med Fredrikstad Fotballklubb og landslagsspelar 1968-72.

Thor Spydevold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1944 (79 år)
Yrke fotballspelar
Far Bjørn Spydevold

Klubbspel endre

Spydevold var angrepsspelar på Greåker Idrettsforening i den såkalla maratonserien 1961/-62. Far hans, Bjørn Spydevold, trente då Greåker IF, så då faren tok over trenarjobben i Sarpsborg Fotballklubb før 1963-sesongen, melde Thor Spydevold seg inn i SFK. Han spelte på klubben då det vart tap mot Rosenborg Ballklub i NM-finalen 1964, og fekk elles med seg bronsemedaljar både i 1. divisjon fotball for menn 1964 og 1965.

Då faren fekk oppdraget med å trene Fredrikstad FK i 1966, tok han med seg Thor Spydevold, som ved den tid var flytta ned på midtstopparplass, ein posisjon han hadde resten av si tid på fotballbana. Allereie i sin fyrste sesong med FFK oppnådde Thor Spydevold høgdepunktet, siger i NM-finalen. Sidan fekk han seriesølv i 1969-sesongen. Frå 1971-74 spelte han på ny i Sarpsborg FK, eit lag som rykte ned i 2. divisjon i hans siste sesong.

Landslagsspel endre

Frå 1968 til -72 spelte Spydevold 28 landskampar i midtforsvaret til det norske landslaget. I sin femte landskamp, 6. november 1968 i franske Strasbourg, var han med då Noreg overraska med å slå heimelaget med 1-0 i ein VM-kvalifiseringskamp. Derimot var det sidan langt mellom høgdepunkta for Noregs landslag i hans tid.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1966 med Fredrikstad
  • Tapande cupfinalist: 1964 med Sarpsborg FK, 1969 med Fredrikstad FK
  • Sølv i 1. divisjon: 1969 med Fredrikstad FK

Kjelder endre