Grefsheimmeteoritten
Grefsheimmeteoritten er ein steinmeteoritt som vart funnen på isen på Mjøsa 1. februar 1976 av gardbrukar Johan E. Mellbye. Meteoritten vart funnen i fleire delar på isen, men vog opphavleg litt over 45 gram. Han bestod hovudsakleg av minerala olivin, ortopyroksen og plagioklas. I dag finst meteoritten på utstilling hos Geologisk museum i Oslo.
Meteoritten er kalla opp etter storgarden Grefsheim på Nes i Ringsaker i Hedmark. Han er den 10. og minste kjende meteoritten i landet.
Kjelder
endre- «Grefsheim_-_meteoritt» av Inge Bryhn i Store norske leksikon, snl.no.