Gregar O. Nordbø
(Omdirigert frå Gregar Nordbø)
Gregar Olsson Nordbø (21. juli 1856–31. mai 1940) var ein norsk lærar, gardbrukar og folkeminne- og folkemusikksamlar frå Bø i Telemark. Han var far til folkeminnegranskaren Halvor G. Nordbø.
Gregar O. Nordbø | |
Fødd | 21. juli 1856 Bø kommune |
Død |
Nordbø avla lærarskuleeksamen i 1875 og var frå 1876 lærar i heimbygda i femti år. Samstundes dreiv han farsgarden frå 1889. Dessutan organist i tjue år. Han samla mykje lokalt sogestoff, mellom anna om lag 150 slåttar og folketonar. Deltok som domar på kappleikar.
Kjelde
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet, 1957