Bø i Telemark
Bø eller Bøbyen er ein tettstad og kommunesenteret i Midt-Telemark kommune i Telemark fylke.
Bø | |||
tettstad | |||
Breisås studentbustader i Bø i Telemark.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Midt-Telemark | ||
Areal | 3,51 km² | ||
Folketal | 3 696 (2023) | ||
Folketettleik | 1 053 / km² | ||
Postnummer | 3800 BØ I TELEMARK | ||
Innbyggjarnamn | bøhering | ||
Preposisjon | i Bø | ||
Bø 59°24′47″N 9°04′10″E / 59.413°N 9.06930556°E | |||
Wikimedia Commons: Bø, Midt-Telemark |
Tettstaden har 2 449 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg om lag 7,5 kilometer nordvest for tettstaden Gvarv og om lag 14 kilometer søraust for sørenden av Seljordsvatn. Busetnadene i Lia, Myrane og Sisjord går også inn i tettstaden Bø.
Bø har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen. Jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Bø opna 1924, medan strekninga fram til Kristiansand vart ferdig først i 1938. Ved etableringa av Telemark distriktshøgskole i 1974 (frå 1994 ei avdeling av Høgskolen i Telemark) blei Bø òg ein skulestad. Konsert- og studenthuset Kroa i Bø og den årlege folkemusikkfestivalen Telemarkfestivalen har også gjort Bø til eit kultursentrum.
Massemedium
endre- Lokalavisa Bø Blad
- Lokalradiostasjonen Radio Midt-Telemark
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling i Bø | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1946 | 316 | |||
1950 | 659 | |||
1960 | 836 | |||
1970 | 1 542 | |||
1980 | 2 018 | |||
1990 | 2 158 | |||
2000 | 2 277 | |||
2009 | 2 749 | |||
2012 | 2 982 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Sjå òg
endreKjelder
endre«Bø – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.