Greifswalder Oie er ei lita øy i Austersjøen aust for Rügen ved kysten av Tyskland.

Plassering av Greifswalder Oie i Mecklenburg-Vorpommern
Øya Greifswalder Oie

Mellom 1937 og 1945 vart det fyrt opp mange rakettar frå Greifswalder Oie. Det vart gjort forsøk på å skyte opp A3-rakettar i desember 1937, men dette gjekk gale, og mellom 1938 og 1942 klarte ein nesten å skyte opp A5-rakettar. I tillegg vart det avfyrt 28 A4 eller V2-rakettar frå øya mellom 1943 og 1945. Desse avfyringane vart gjort for å sjå korleis A4-rakettane takla å kome tilbake til atmosfæren.

I dag er øya eit fuglereservat utan busetnad, bortsett frå ein enkelt person som styrer fyret, tar seg av naudhamna og lagar utandørs kunst, som han plasserer i sirklar på øya. Det går stundom båt til øya frå Peenemünde.

54°15′N 13°55′E / 54.250°N 13.917°E / 54.250; 13.917