Austersjøen

innhav som inneheld brakkvatn

Austersjøen er eit innhav i Nord-Europa og eit randhav av Atlanterhavet. Han er det største brakkvasshavet på jorda.[1] Sjøen ligg mellom Sverige og Finland i vest, Estland, Latvia, Litauen og Russland i aust og Polen, Tyskland og Danmark i sør. Store øyar er Gotland, Öland, Bornholm, Hiiumaa, Saaremaa, Fasta Åland og Rügen.

Austersjøen
hav
Satellittbilde av Austersjøen. (Kjelde: NASA)
Land  Sverige,  Finland  Russland,  Estland  Latvia,  Litauen  Polen,  Tyskland  Danmark
Del av Nord-Atlanteren, verdshavet
Kart
Austersjøen
58°N 20°E / 58°N 20°E / 58; 20
Kart som viser Austersjøen.
Kart som viser Austersjøen.
Kart som viser Austersjøen.
Wikimedia Commons: Baltic Sea

Sjøen har ei flatevidd på rundt 400 000 km² og gjennomsnittleg djupne på 60 m. Det djupaste punktet er 459 m, nord for Gotland. I nord, nær 60°N, delar han seg opp i Bottenhavet med framhald til Bottenviken mot nord og Finskebukta mot aust. Rigabukta er ei anna større bukt i nordaust.[1]

Nokre av dei største elvane som renn ut i Austersjøen er Torne älv, Dalälven, avløp frå Mälaren og Vättern, russiske Neva, latviske Daugava og polske Wisła og Oder.[1]

Austersjøen er forbunden til Kattegat gjennom tre tronge sund – Øresund, Storebælt og Lillebælt. Dette hindrar vassutskifting og fører til at innhaldsstoff, som salt og forureiningar, blir fanga. I sentrale delar av sjøen er saltinnhaldet 6–10 ‰. På siste halvdel av 1900-talet opplevde sjøen store utslepp av svovel og nitrogen. Desse næringsstoffa førte til algeblomstring, som igjen førte til oksygenmangel og ein daud havbotn.

Den baltiske straumen fører brakkvatn ut av Austersjøen til Skagerrak, medan ein saltare understraum fører saltvatn inn i Austersjøen. Den baltiske straumen fortset langs norskekysten som Den norske kyststraumen.[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Austersjøen
  Denne geografiartikkelen som har med Europa å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.