Greinsaks er ei kraftig saks for å klyppa av greiner på tre[1]. Dei blir nytta for å tynna ut frukttre og prydbuskar. Slike sakser har ofte eit krumt skjer, som klypper av greina mot eitt fast motskjer[2]. Det finst òg greinsakser med langt skaft, nokre teleskopiske, slik at ein kan klyppa av greiner høgt oppe. Kjeften på saksa blir då ofte dregen saman av eit ståltau som går lags skaftet.

Greinsaks.

Referansar

endre
  1. Verktøy for gartneren: Dette er noen av favoritt tingene mine, Hagearbeider, 30. jan. 2021.
  2. Skjering[daud lenkje],Eple & eventyr (vitja 27. mai 2021.)