Opna hovudmenyen
Austre parten av Grensen, sett mot mot Stortorvet og domkyrkja. Fotografi frå 2016.
Grensen (Grændsen) fotografert austover i 1924. Pilestredet/Professor Aschehougs plass i framgrunnen

Grensen er ei aust-vestgåande gate i Oslo sentrum, frå Møllergata på vestsida av Stortorvet til Professor Aschehougs plass. Gata hadde opphavleg namnet Grændsegaden, som seinare vart til Grændsen, og i dag vert skrive Grensen (uttalt med tonelag 1, som i «bønder»).[1]

Gata låg utanfor vollane som låg ikring byen i si tid, men vart allereie på 1600-talet likevel viktig for sambandet mellom aust og vest i Christiania ved å vere landevegen ut frå Store Voldport. Forstaden Grændsen, prega av spreidde hus og store hagar, oppstod tidleg på det som i dag er området mellom Stortingsgata ved Prestegata og Pilestredet ved Professor Aschehougs plass. Då vollane vart rivne på 1700-talet, dammane på det som vart Stortorvet var fylt att, og byen fekk si nye kyrkje attmed torget, vart det òg fart på byggeverksemda langsetter Grensen. Ganske snøgt vart Grensen ei viktig handelsgate, og i 1819 vart eigedomane på nordsida av gata innlemma i det som kan karakteriserast som byens handelsterritorium. Ved ei utviding av byen i 1858 vart området formelt ein administrativ del av Christiania. Gata er framleis ei av dei viktigaste handelsgatene i Oslo.

KjelderEndra

  1. «Talefeil på buss, trikk og bane». osloby.no. 14. oktober 2010. Henta 5. mars 2013. 
  • Oslo byleksikon, femte utgåva, side 209 (gata Grensen) og side 219 (forstaden Grændsen).