Grensevilkår
Grensevilkår er i teoretisk fysikk den verdien ein funksjon må ha ved grensa av eit område der funksjonen varierer, for at han i dette området skal svare til ein avgjort fysisk situasjon. Som døme på grensevilkår kan nemnast at eit elektrisk potensial skal nærme seg null i det uendeleg fjerne, at det skal ha ein avgjort, gjeven verdi på overflata av ein leiar, at den elektriske feltvektor alltid står vinkelrett på overflata av ein leiar osv.
Kjelder
endre- «Grensebetingelse» (14. februar 2009) i Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.