Greiv Dracula er fiktiv vampyr som vart introdusert i Bram Stokers gotiske roman Dracula frå 1897. Boka har inspirert mange andre romanar og noveller om same figur, og dessutan ei rekkje skrekkfilmar. I romanen er Dracula ein transilvansk greve som har overlevd i fleire hundreår ved å suga blod av andre menneske. Dracula dreg til England, der han vert jakta på av professor Van Helsing. Figuren har vorte ein arketypisk skikkelse i populærkulturen.

Grev Dracula

DødRomania
Opptrer iDracula, Anno Dracula, Dracula, Dracula's Guest
BarnCount Alucard, Eva, Sibella, Countess Marya Zaleska
Bela Lugosi som grev Dracula.
Christopher Lee som grev Dracula i filmen Dracula (1958).

Det har vorte påstått at Bram Stoker lét seg inspirera av livet til den rumenske fyrsten Vlad III Dracula. Nyare forsking har likevel vist at dette neppe var tilfellet. Stoker støtte berre på namnet og brukte det i romanen sin, som han allereie hadde byrja å skriva.[1] Assosiasjonen har likevel hatt stor tyding for rumensk turisme.

Kjelder

endre
  1. Elizabeth Miller: Dracula – Sense & Nonsense (Desert Island Books, 2006) ISBN 1-905328-15-X

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Grev Dracula
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.