Grid i norrøn tid
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Grid (norrønt grið) er i norrøn historie ei form for amnesti eller ettergjeving av straff - gjeve til ein person som på einkvan måte har forbrote seg mot lóvar eller styresmakta. Den sigrande parten i ein kamp eller eit slag kunne gje grid som eit nådetilsagn til enkelte eller alle av motstandarane. Grid kunne òg vera eit tilsagn om fridom frå rettargång i ei avgrensa periode. Omgrepet vart òg nytta i tilknyting til stadar eller tidsperiodar der spesielle fredlysningsreglar gjalt.
Ein gridstad (norrønt: griðastaðr) er eit fredlyst område, f.eks ein tingstad. Tilsvarande er gridstid er ein fredhelga tidsperiode: I våronnterminen skulle det til dømes ifølgje gammal norsk lov ikkje førast fram søksmål.
Snorre skriv at Eirik Håkonsson etter slaget i Hjørungavåg på slutten av 900-talet gav grid til mange av jomsvikingane, som hadde støtta den tapande danske parten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grid (historie)» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2017.