Eirik Håkonsson Ladejarl

Eirik Håkonsson Ladejarl (ca. 9641024) var ladejarl og herskar over Noreg i tida mellom 1000 og 1015.[1] Han var dessutan ein av kong Knut den store sine jarlar i England, i tida frå 1016 til han døydde.

Eirik Håkonsson

Eirik jarl gir grid til danske hovdingar, etter slaget i Hjørungavåg. Teikning av Christian Krohg.
Jarl av Noreg og Northumbria
RegjeringstidNoreg: 1000–1015
Northumbria: 1016–1024
Fødd957
Død1024
DødsstadNorthumbria
Gift medGyda Sveinsdotter
DynastiLadejarlane
FarHåkon Sigurdsson Jarl
BornHåkon Eiriksson Ladejarl

Familie og oppvekst endre

Far til Eirik jarl var ladejarlen Håkon Sigurdsson den mektige. Kven mor hans var, er ikkje kjent, men ho skal ha vore ei kvinne av ringe ætt som Håkon jarl møtte ein vinter på Opplanda. Eirik hadde mange halvsysken, dei som er mest omtala i dei norrøne sogene er

Svein, gift med Holmfrid som truleg var dotter av den svenske kongen Eirik Sigersæl
Bergljot, gift med Einar Tambarskjelve.

Andre sysken som er nemnt i sogene: Sigurd, Erling, Heming, Erlend, Ragnhild og/eller Ingebjørg. Snorre fortel at Eirik var fostra hos Torleiv Spake som budde i Meldal i Trøndelag, og at han var ein emneleg gut, utifrå ven og tidleg stor og sterk.

Drapet på Skofte endre

Berre elleve eller tolv år gamal drap han utværshersen Skofte Skagesson (i sogene vert han kalla Tidende-Skofte). Når skalden i Bandadråpa[2] nemner både drapet og at Eirik reiste ut av landet «i ung alder», kan det tyde på at Snorre hadde rett i si framstilling om at Skofte var systemannen til Eirik, og at han dermed gjorde eit frendedrap. Ei slik ugjerning var det ein kalla ubotamål, og var så alvorleg at ein kunne ikkje legge bøter for skaden. Kanskje vart Eirik lyst i utlægd, eller han tok konsekvensen av drapet og reiste like godt straks ut av landet.

Dansk jarl endre

Snorre skriv at Eirik reiste sørover til Danmark og var hos kong Harald Gormsson (Blåtann) om vinteren. I Bandadråpa[2] vert det sagt at «gullrauste herrar» gav han land å styre», og dette tyder på at Snorre kan ha hatt rett då han skreiv at Eirik vart danskekongen sin jarl i Vingulmark og Romerike. Dette må truleg ha skjedd litt etter år 975 og Eirik var berre 13-15 år gamal. Det er òg truleg at Eirik på denne tida møtte sonen til Harald Blåtann, han som seinare vart kjend som kong Svein Tjugeskjegg. Dei to var om lag jamgamle, og om ein kan feste lit til kongesogene, var dei begge frillesøner. Opplysningar i Bandadråpa gir òg grunn til å tru at Eirik i dei neste åra titt låg ute i viking i vesterveg, truleg saman med Svein Haraldsson.

Jomsvikingslaget endre

Om lag ti år seinare, hausten 985, vart Eirik kjend med at danskekongen var i ferd med å samle ein stor flåte for å gjere hærferd mot Håkon jarl i Noreg. Han samla då til seg folk og drog nord til Trondheimen for å åtvare Håkon jarl. Han kom såleis heim med «sann hærtidend» [3] og om han før hadde vorte dømt «utlæg», var han no «ilend», og truleg vart han forlikt med faren og frendane sine, etter dette.

Håkon jarl hadde sagt seg fri frå dansk herredøme omkring år 975 (etter slaget mot keisar Otto II ved Danevirke) og den danske flåtestyrken var i røynda ein invasjonsflåte som på nytt skulle legge Noreg under dansk herredøme. Håkon jarl fekk tid til å kalle ut leidangen, slik det er nemnt i Eiriksdråpa [4](vers 4[a]), og på ein våg på Møre, som sogene kallar Hjørungavåg, kom det til eit stort slag, det største sjøslaget i Noreg i vikingtida. Slaget fekk brei omtale i nokre av dei norrøne sogene, mellom andre i den særskilde «Jomsvikingsoga». Ikkje minst er slaget nemnt i fleire skaldedikt av samtidige skaldar, som Bandadråpa av Eyjolv Dådaskald, Eiriksflokkr av Halldor Ukristne, Belgskakadråpa og Eiriksdråpa,[4] begge av Tord Kolbeinsson.

Etter dette slaget fekk Eirik jarl ry som ein mektig og sigersæl krigar. Frå sogene får vi òg det inntrykket at han synte seg som ein klok og framsynt sigerherre og gav grid til dei overvunne hovdingane. Snorre skreiv at Eirik jarl etter slaget drog «aust til riket sitt» og såleis heldt fram som danskekongen sin jarl i Vika.

Drapet på Håkon jarl endre

Omkring år 995 fekk Eirik jarl tidend om at vikingkongen Olav Tryggvason hadde drepe faren, Håkon jarl, og hadde erobra kongsmakt i Noreg. Litt før denne tida hadde den svenske kongen Eirik Sigersæl hadde gjort åtak på Danmark og erobra landet, og Svein Tjugeskjegg hadde måtte røme frå riket sitt og var no på hærferd til dei britiske øyane. Både Eirik jarl og broren Svein jarl, reiste då ut or landet og drog til den svenske kongen. Eirik Sigersæl var i mellomtida avliden og kongen i Sverige på den tida var sonen hans, Olof Skötkonung. Skalden Tord Kolbeinsson sa det slik Belgskakadråpa (omsetjing iflg. Finnur Jónsson):

Hafði sér við særi,
slíks var ván at hánum,
auðs en upp um kvæði
Eiríkr í hug meira.
Sótti reiðr at ráðum,
rann engi því manna,
þrályndi fékksk Þrœndum,
Þrœnskr jarl konung sœnskan
Eirik nærte større planar overfor han (Olav),
det kunne ein vente;
i sin vreide den trøndske jarl
vitja den svenske kongen
for å rådføre seg med han.
Trønderane synte seg trassige,
det kunne ingen hindre.

I dei først åra etter 995 ser det ut til at Eirik jarl drog i vesterveg på vikingferd. Ein sumar herja han på kysten av Vendland (Polen) og seinare fór han lenger aust og herja i Gardarike, i Vladimir den store (Valdamar) sitt land. Han segla opp i elva Neva og inn i Ladogasjøen, der rana han og brende Aldeigjuborg, den byen som no heiter Staraja Ladoga.[5] Deretter herja han vidt og breitt i landet, i Estland (Aðalsýsla) og på øya Øsel (Eysýsla). Om desse vikingferdene fortel m.a. skalden Eyjolv Dådaskald i Bandadråpa.[2]

Om hendingane i Danmark i åra 995-1000 er kjeldene usikre, men ein gong i denne tida må kong Svein Tjugeskjegg har gjort eit forlik med kong Olof i Sverige, slik at han fekk att styringa med Danmark, tydelegvis mot at kong Svein sende frå seg førstekona si, polske Gunnhild, og deretter gifte seg med Sigrid, mor til kong Olof og enka etter Eirik Sigersæl. Om lag samstundes (997) vart Eirik jarl gift med Gyda, dotter til kong Svein. Dette ekteskapet var sjølvsagt ein lekk i kong Svein sin alliansepolitikk, men det styrker òg inntrykket av at Eirik jarl og kong Svein hadde eit nært vennskap.

Slaget ved Svolder endre

 
Mennene til Eirik jarl entrar Ormen lange.
Teikna av Halfdan Egedius til Heimskringla.

Tidleg på våren i året 999 eller 1000 vart det kjent at Olav Tryggvason var i ferd med å ruste ut ein stor flåte og var meint på å fare i hærferd sørover mot Danmark. Dei to kongane Svein Tjugeskjegg og Olof Skötkonung (som no var styksonen hans) og ladejarlane Eirik Håkonsson og truleg Svein Håkonsson (Eirik var versonen til kong Svein og Svein jarl var verbror til kong Olof) samla då styrkane sine, og det kom til eit slag på ein stad som vart kalla Svolder (Svǫlðr). Der fall kong Olav og sogene fortel at det var Eirik jarl som var banemannen hans.

I dette slaget hadde Eirik jarl framleis skipet sitt som vart kalla «Jernbarden», det same skipet han hadde hatt i slaget i Hjørungavåg. Skalden Halldor Ukristne var truleg med i hæren til Eirik jarl og han gjorde han eit dikt (ein flokkr) om slaget,[6] og der nemner han «høgborda Barden» (borðmikinn Barða). Der er det og nemnt at «Barden» la seg opp til sida på skipet til kong Olav, Ormen Lange (við Orm inn langa).

Skildringa av slaget ved Svolder har fått stor plass i dei norrøne sogene, men det meste er å rekne for prosadikting og har dermed liten verdi som historisk kjelde. Forteljinga om heimefylgjet frå Vendland er lite truverdig, lik eins skildringa av Einar Tambarskjelve som skaut med pil og boge mot Eirik jarl (sjå Slaget ved Nesjar). Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen nemner berre kort om slaget, at kong Olav «gjekk til krig mot danskekongen».[7] Mange skaldar gjorde dikt om slaget, mellom dei Skule Torsteinsson (dikt om Svolder), Halldor Ukristne (Eiriksflokkr) og Hallfred Vandrådeskald (Arvedråpa om Olav Tryggvason).

Ladejarlane attende til Noreg endre

 
Mynt frå styringstida til ladejarlen Eirik Håkonsson † 1024. Identifisiert av C.I.Schive: Norges Mynter i Middelalderen (Christiania 1865). Tekst: Adv: HEINRICUS C(o)M(es). Rev: HROSA ME FEC(it).

Etter slaget fekk ladejarlane Eirik og Svein styringa over Noreg, det riket som far deira, Håkon jarl den mektige, hadde rådd over. Eirik jarl var den eldste av dei, og Snorre skreiv: «Eirik jarl var den fremste av brørne i all styringa». Skalden Tord Kolbeinsson seier i Eiriksdråpa.[4] at «landet nord for Vega og sør til Agder, og enda lenger», vart «lagt under Eirik jarl». I sogeverket Ågrip vert det kort og godt opplyst at Svein og Eirik fekk Noreg etter slaget, og seinare, og då Svein Tjugeskjegg var fallen ifrå, hadde «Eirik landet åleine»[8][b]

Det er på denne tida at Snorre trur at Eirik jarl og Svein jarl let seg døype, men han legg til at dei let kvar gjere som dei ville med å halde kristendommen. Nokså sikkert dreiv dei aldri med tvangskristning, men utan tvil må dei begge reknast som kristne fyrstar, og i deira styringstid verka misjonsbiskopar som forkynte kristendommen i Noreg (Adam av Bremen[7] (kap.41) nemner biskop Gotebald frå England).

Truleg var det ein gong i dei neste åra at dei knytte sterkare band til hovdingen Einar Tambarskjelve og gav han syster deira, Bergljot Håkonsdotter til kone. Herredømet til jarlane strekte seg i det minste frå Agder og heile Kyst-Noreg nordover. På Opplanda hadde ladejarlane alt tidlegare hatt stor påverknad, og det er òg truleg at Eirik jarl sitt jarlerike i Vika no vart lagt under norsk herredøme. Hersen Erling SkjalgssonSola skal ei viss tid, ha hatt ei meir sjølvstendig maktstilling i Sørvest-Noreg. Då Svein Håkonsson i 1016 møtte Olav Haraldsson i slaget ved Nesjar, var likevel Erling ein av dei som kjempa saman med ladejarlen.

Dei to ladejarlane, Eirik og Svein, herska over Noreg med jarlsnamn, og ein ser ofte at dette vert sett synonymt med «kongens jarl», noko som er ei historisk mistolking (Om jarletittelen, sjå: Håløygeætta).

Dei norrøne kjeldene gir berre få opplysninger om Eirik jarl som herskar over Noreg, men ein trur at det var i hans tid at det vart forbod mot holmgang i riket (sjå Soga om Grette[9] og Soga om Gunnlaug Ormstunge[10] s.32). Det er òg gissa på at føresegnene om den trøndske motstandsretten fekk si første form i styringstida til Eirik jarl.[c]

I åra 1000–1013 sende kong Svein Tjugeskjegg hærstyrkane sine for å erobre England og til sist fekk han oppfylt sitt store prosjekt: i jula 1013 vart han utropt til konge i England, der han vart kalla Sweyn Forkbeard. Det har vorte hevda at Eirik jarl gav støtte til verfar sin og var med i hærstyrken hans; særleg er nemnt hærferda i 1010. Mellom anna skuldast dette ei feiltolking av diktet «Eiriksdråpa» av Tord Kolbeinsson, som plasserer Eirik jarl i slaget ved Ringmere (hringmaraheidr) det året, men diktet viser i røynda til i eit slag på den same staden i 1015/1016, då i krigstoget til kong Knut den store. Ingen engelske eller norrøne kjelder gir grunnlag for å hevde at Eirik jarl var i England saman med kong Svein.

 
Eirik jarl tek farvel med sonen sin, før han reiser til kong Knut i England. Teikning av Erik Werenskiold (1899).

Kong Svein Tjugeskjegg døydde i Gainsborough 3. februar 1014. Dei danske hærstyrkane måtte då reise attende til Danmark, men sonen hans, Knut Sveinsson, gjorde straks førebuingar for å vinne attende det riket faren hadde vunne. Kong Knut var då kanskje berre 20 år gamal, og han bad morbroren Eirik jarl om støtte. Eirik jarl var kjend for å vere den mest røynde og sigersæle hovdingen i norderlanda på den tida, og han drog no ut for å verta ein av hovdingane i hæren til kong Knut. Før han reiste frå Noreg, gav han styringa til sonen sin, Håkon Eiriksson jarl, men sette Einar Tambarskjelve til formyndaren hans.

Eirik jarl i England endre

 
Dei dansk-angelsaksiske jarldøma omkring år 1025. Eirik jarl sitt jarledøme Northumbria, markert i gult, utgjorde om lag ein fjerdedel av England.

Kanskje var Eirik jarl ein tur til Danmark hausten 1014 for å vitje frenden sin, kong Knut, men det er liten tvil om at han seinare reiste med utgangspunkt frå Noreg for, å slutte seg til hærstyrkane til kong Knut i England, og han må ha reist ut i slutten av august 1015. Den angelsaksiske krønika[11] (år 1015) stadfester at kong Knut sin invasjon av England byrja med at han omkring den 8. september[d] (Marimesse) tok laust med flåten frå Sandwich på søraustkysten av England.[e]

I Eiriksdråpa[4] fortel skalden Tord Kolbeinsson at dei to frendane, den hjelmkledde jarlen og fyrsten (fundr hjalmaðs jarls ok hilmis), fann kvarandre der ved kysten av England. Skalden skildrar at dei deretter segla oppover floden og at dei heldt bølgehestane, det vil seie skipa, så nær land at dei kunne skode innover enska vǫllu – dei engelske sletter. På elva Frome i Dorset segla dei inn i landet, og invasjonen av England var i si emning. Eirik jarl kom etter dette aldri meir attende til Noreg.

I England tok Eirik jarl del i mange slag, og han var ein av dei fremste hovdingane til kong Knut. Ein gong drog han med ein stor hærstyrke opp i landet, vest for London, og kjempa mot ein engelsk styrke som var leia av Ulfkel Snilling. Der vann Eirik ein stor siger og Ulfkel måtte røme. Ein annan gong heldt han slag på ein stad som vart kalla «Ringmare», truleg ved Ipswich, og der fekk han òg ein stor siger.

I kjeldeskriftet Encomium Emmae Reginae (sjå kjelder) vert det fortalt at Eirik ei tid hadde herja med styrken sin ute i landet og hadde vunne mykje hærfang. Då dei kom attende til kong Knut, truleg i fastetida før påske 1016, baud kong Knut at Eirik jarl skulle erobre London. I den angelsaksiske krønika[11] finn vi for året 1016 opplysningar om at ein del av styrken til kong Knut gjekk mot London, der dei grov ein kanal rundt sørsida av London Bridge, slik at dei kunne drage skipa opp om brua, til vestsida. Dei grov òg kanalar rundt borga, slik at ingen kunne kome «hverken inn eller ut». Men til trass for mange åtak, greidde dei ikkje å ta byen.[f]

Etter ei tid med sjukdom, døydde kong Ethelred 23. april 1016. Borgarane i London tok då sonen hans, Edmund Jernside til konge og krigane heldt fram utover sumaren og hausten. Om lag sju månadar seinare, 30. november 1016, døydde kong Edmund og litt etter vart Knut teken til konge i England. Ein kroningsseremoni vart halde ved juletider i London og han vart for ettertida kjend som kong Knut den store (i England: Cnut the great eller berre Canute). Han delte riket i fire jarledøme og Eirik Håkonsson vart jarl av Northumbria[11] (1017). I engelske kjelder er han nemnt som Eric of Hlathir, og namnet hans kunne vere skrive som Yric, Eiric, Hyrcus og ymse andre former (sjå PASE nedanfor).

Eiden i Sauesundet endre

Hausten 1015, kort tid etter at Eirik jarl hadde reist frå landet, kom vikinghovdingen Olav Haraldsson med mannskapet sitt til Noreg. I dei norrøne sogene vert det fortalt at han fekk Håkon Eiriksson jarl i si makt Sauesundet (Sauðungssundi) og let han få behalde livet mot at han gjorde eiden sin på at han gav frå seg riket sitt og at han aldri skulle halde slag mot Olav. Dei ulike sogene har noko ulike versjonar av hendinga, men utan tvil gjorde den unge jarlen ein slik eid og deretter reiste han ut or landet og drog over havet til England. I diktverket Noregs konungatal[12] er hendinga omtala i to av versa, og skalden Ottar Svarte nemner i «Hovudlausn»,[13] eit dikt han gjorde seinare om kong Olav, at han «tok skeiden til Håkon, med drusteleg prydnad, til fange» ( ..tókt skeið Hôkonar með skreyttu reiði ok þá sjalfa..). Kong Olav hærtok seinare Noreg (slaget ved Nesjar) og vart deretter vald til konge over riket, våren 1016.

Etter at kong Knut hadde vorte konge og det vart fred i England, kunne ein kanskje ha tenkt seg at Eirik jarl, eller sonen Håkon Eiriksson jarl jarl, ville ha gjort freistnader på vinne att herredømet over Noreg, men det er særs truleg at Eirik jarl kjende seg bunden av eiden som sonen hadde gjort. Kanskje hadde han hatt ei von om at broren, og bøndene og stormennene i Noreg, nokså snøgt skulle gjere slutt på styret til kong Olav.[g] Men då han noko seinare fekk bod om at broren, Svein jarl, var avliden i Gardarike, og at Einar Tambarskjelve hadde rømt frå landet, må han ha stilt seg til ro med at Noreg var tapt for jarleætta, og at han og sonen måtte finne seg eit nytt liv i England.

Kanskje hadde han denne hendinga i tankane, den engelske historikaren F. M. Stenton (Anglo-Saxon England -1971), når han karakteriserte Eirik jarl slik: Han skil seg ut frå dei dystre figurane som fyller sentrum av det nordiske scenarioet, med eit drag av humanitet og usjølviskheit som gjorde det umogeleg for han å vinne sitt eige kongedøme.[h]

Eirik jarl døyr endre

Vi veit ikkje så mykje meir om Eirik jarl etter 1017. Kanskje er både norrøne og engelske kjelder bortkomne, eller kanskje var han ikkje lenger særs aktiv (han hadde då vorte godt over 50 år gamal). Truleg var han likevel mellom dei fremste av kong Knut sine jarlar heilt til han døydde, og namnet hans (Eric dux eller Yric dux) er å finne som vitne på mange diplom og charter for åra 1018 til og med 1023.[14] Til dømes: i eit gåvebrev av 1018[15] er mellom vitna ført opp dronning Ælfgifa (Emma av Normandie) og «Yrric dux». Truleg eit av dei siste, var eit diplom av 1023[16] der vi mellom vitna finn «Yrik dux» og i tillegg «Hakun dux», som var sonen Håkon Eiriksson jarl.

Ei anna side ved Eirik jarl ser vi kanskje ved at namnet hans er ført opp i Liber Vitae for Thorneyklosteret i Cambridgeshire,[17] som viser at han var ein del av klosteret sitt andelege brorskap (medbror).

Noregs konungatal (Nóregs konungatal)[12] som er å rekne for eit islandsk skaldekvad, er ei oversikt over norske kongar. Det vart dikta omkring år 1190 av ein ukjend skald, og der finn vi dei siste opplysningane om Eirik jarl:

Þá vas úfr
Eireks skorinn,
áðr Rómfǫr
ræsir hœfi,
ok blóðrôs
til bana leiddi
vitran jarl
vestr með Englum.
Der fekk Erik
drøvel skoren,
før fyrsten
begynte si Romaferd,
av blodtapet
den kloke jarlen døydde
der vest
hjå dei engelske.

I soga om Olav den Heilage fortel Snorre om Einar Tambarskjelve at han omkring år 1024 «fór sjøvegen søretter alt til Romaborg og kom att andre sumaren». I Fagerskinna[18] (kap.85) er det sagt at Eirik jarl nett var heimkomen frå ei Romaferd då han døydde.

Alle desse kjeldene er rekna som usikre, men det er slett ikkje utenkjeleg at dei to frendane, Eirik jarl og Einar, kan ha planlagt å reise i saman på pilegrimsferd til Roma. Om Eirik jarl i så fall døydde før han rakk å reise, er uvisst.

Historikaren P. A. Munch karakteriserte Eirik jarl slik: «…. der gives faa ædlere Charakterer i vor ældre Historie».

I den offisielle norske kongerekka [19] er Eirik jarl ført opp som den 7. kongen, saman med broren Svein jarl, med ei styringstid på femten år (1000–1015), rett nok med dette litt merkverdige tillegget om «dansk styre» (til liks med alle ladejarlane).

Merknader endre

  1. Dette er første gongen ordet leidang er nemnt i eit skaldevers
  2. Opplysningane om oppdelinga av Noreg etter slaget ved Svolder, verkar tillaga. Det er vanskeleg å tru at Eirik jarl, han som vart rekna som sigerherren ved Svolder, skulle akseptere at deler av kjerneområda til ladejarlane skulle tilfalle svenskekongen. Opplysningane om at dei to jarlane skulle ha hatt nokre av fylka i len, verkar konstruert og ein får ein mistanke om at det er sogeskrivarane sin sedvanlege nedvurdering av ladejarlane som har vorte gjort gjeldande. Etter år 1000 høyrer ein aldri meir noko om at svenskekongen eller danskekongen gjorde krav på dei nemnde lensfylka i Noreg og heile delingshistoria verkar lite truverdig.
  3. Om motstandsretten, sjå Frostatingslova, Mannhelgbolken 50-52.
  4. Marimesse: Den angelsaksiske krønika nemner her «Nativity of St Mary» og i dei aller fleste kristne kyrkjesamfunn vert denne dagen feira 8. september (9 månader etter unnfangelsen (Conceptio immaculata) som var 8. desember).
  5. Sandwich ligg ved elva Stour og var den gongen ein av dei viktigaste hamnebyane i England. Kjeldene opplyser litt ulikt om kor mange skip kong Knut hadde, truleg var flåten på i alle fall 200 langskip og hærstyrken på om lag ti tusen mann.
  6. Erobringa av London: det kan tenkast at det er denne hendinga som ligg til grunn for helgenmyta om at Olav den heilage braut ned London Bridge og erobra byen. Til dømes i den legendariske soga om Olav (Helgisaga Óláfs konungs Haraldssonar) vert det fortalt at det var Olav som tok byen, etter at både kong Knut og hovdingane hans, Torkjell Høge og Eirik jarl, hadde mislukkast. Forteljinga er sjølvsagt ikkje historisk haldbar, om ikkje anna fordi dette skjedde i tida omkring påske 1016, nett på den tida då Olav Haraldsson var med i slaget ved Nesjar i Noreg.
  7. År 1015: Det er òg truleg at Eirik jarl hadde ei von om at lova som vert kalla den trøndske motstandsretten, no skulle verta brukt mot vikingkongen Olav Digre. Det vart ho òg, bøndene samla seg mot ein valdeleg konge som ville hærta landet, men det hende først femten år seinare: i slaget ved Stiklestad.
  8. F. M. Stenton: He was distinguished from the grim figures which fill the centre of the northern scene by a touch of humanity and unselfishness which made it impossible for him to win a kingdom for himself.

Kjelder endre

  1. «Eirik Jarl» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 2,2 Bandadråpa Arkivert 2016-01-27 ved Wayback Machine. av Eyjolv Dådaskald
  3. Gulatingslovi ved Knut Robberstad (Samlaget 1952)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Eiriksdråpa Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)
  5. Austr í Gördum (kap.7) av Tatiana Jackson (russisk)
  6. Eiriksflokkr Arkivert 2016-04-24 ved Wayback Machine. av Haldor Ukristne
  7. 7,0 7,1 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.40 (Aschehoug 1993) ISBN 8203200281
  8. Ågrip or Noregs kongesoger kapittel 21, v/Gustav Indrebø (1973) ISBN 8252101623
  9. Soga um Grette Aasmundsson v/Olav Røkke (1912)
  10. Soga om Gunnlaug Ormstunge av Jacob Fjalestad (1944)
  11. 11,0 11,1 11,2 The Anglo-Saxon Chronicle Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine. Online Medieval and Classical Library
  12. 12,0 12,1 Noregs konungatal Arkivert 2016-04-24 ved Wayback Machine. Skaldic Project
  13. Hovudlausn Arkivert 2016-04-24 ved Wayback Machine. av Ottar Svarte
  14. Kemble The Anglo-Saxon charters Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine. Cnut Earls
  15. Diplomatarium Norvegicum Gåvebrev av 1018
  16. Diplomatarium Norvegicum Diplom av 1023
  17. Dorothy Whitelock 1941. ‘Scandinavian Personal Names in the Liber Vitae of Thorney Abbey. SBVS 12, 127-53
  18. Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst
  19. Den norske kongerekken (Det norske kongehus)

Bakgrunnsstoff endre

Eldre norrøne og engelske kjelder endre

Andre kjelder endre