Griffelskifer er ein leirskifer med to spalteretningar. Dette gjer at skiferen sprekk opp i lange, tynne brotstykke. Griffelskifer er mjuk og gråblå på farge. Han let seg lett kløyva, og har historisk vore brukt til å laga griflar.

Griffelskifer i Oman

Griffelskifer finst mellom anna i Fichtelgebirge i Bayern og i England.

Kjelder

endre
  • «Griffelskifer» i Salmonsens konversationsleksikon, Anden Udgave, Bind X: Gradischa—Hasselgren. 126 (1915-1930).

«griffelskifer» i Store norske leksikon, snl.no.