Grigorij Mjasojedov

Grigorij Grigorjevitsj Mjasojedov (19. april 183430. desember 1911) var ein russisk kunstmålar og gravør, og ein av dei leiande representantane i Peredvizjnikij-gruppa.

Grigorij Mjasojedov
Myasoyedov by Repin.jpg
Ilja Repin: Grigorij Mjasojedov, 1886
Verkeleg namn Григорий Григорьевич Мясоедов
Fødd 7. april 1834
Nankovo
Død

18. desember 1911
Poltava

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Grigorij Mjasojedov på Commons

Mjasojedov var fødd i Pankovo, eit nybyggarområde i anten Orjol eller Tula-guvernementet. Faren, ein godseigar av landadelsætt, var forfattar av Statistisk-økonomisk oversyn for den sørlege delen av Tula-guvernementet, utgitt i 1849.

Mjasojedov studerte kunst ved St. Petersburgs kunstakademi i 1853-63. Han var på visittar til Frankrike, Tyskland, Spania og Italia, men var til vanleg busett i St. Petersburg. Sine siste dagar budde Mjasojedov på herregarden sin Pavlenki i Poltava.

Landdagsbøndene et middagsmat, 1872

Mellom dei fremste verka hans er Landdagsbøndene et middagsmat, Grigorij Otrjepjevs flukt frå serveringstad (kortsjma) på grensa mot Litauen og Slåttefolk.

KjelderEndra