Lietuvos Respublika

(norsk: Litauen, litauisk)

Det litauiske flagget Det litauiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Tautiška giesme»
Motto Vienybė težydi (Lét sambandet bløma)
Geografisk plassering av Litauen
Offisielle språk Litauisk
Hovudstad Vilnius
Styresett
Parlamentarisk republikk
Dalia Grybauskaitė
Algirdas Butkevičius
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
65 300 km² (122.)
4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 823 859 (138.)
43,2 /km² (137.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
  - Tapt
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Russland
16. februar 1918
12. juli 1920
1940
Frå Sovjetunionen
11. mars 1990
6. september 1991
Nasjonaldag 16. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
82 140 mill. USD (87.)
29 100 USD (44.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +370
Toppnivådomene .lt


Republikken Litauen (litauisk Lietuvos Respublika, kortnamn Lietuva) er ein stat som ligg ved Austersjøen nordaust i Europa.

Historie endre

Litauen er kjend frå 1009. Storfyrstedømet Litauen var eit av dei største landa i Europa på 1400-talet. Frå 1795 til 1918 var Litauen underlagt Russland. Under den fyrste verdskrigen kom området under tysk kontroll, og under tysk innverknad erklærte den 11. desember 1917 Kongedømmet Litauen seg uavhengig av Russland med hertug Wilhelm av Urach, greve av Württemberg, som konge under namnet Mindaugas II av Litauen. Litauen vart erklært som eit sjølvstendig land 16. februar 1918. Landet endra forfatning til republikk den 2. november same året. 15. juni 1940 vart landet okkupert av Sovjetunionen. Denne ulovlege okkupasjonen varte til august 1991.

Politikk endre

Lovgjevende forsamling: Seimas.
Styreform: Parlamentarisk republikk.
Litauen har ei eitkamra nasjonalforsamling (Seimas) med 141 representantar som blir vald for periodar på fire år. Presidenten blir vald av i direkte val for periodar på fem år. Presidenten utnemner Statsministeren som utpeiker regjeringa si som må godkjennast av nasjonalforsamlinga. Presidenten har hovudansvaret for Litauens utenrikspolitikk.

Heilt sidan sjølvstendet frå Sovjetunionen i 1991 har medlemskap i internasjonale fora stått fremst i både innanriks- og utanrikspolitikken. Litauen har vorte medlem av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN), Den nordatlantiske forsvarsalliansen (NATO) og Den europeiske unionen (EU - frå 1.5.2004). Litauen deltar også i Det baltiske råd og Austersjørådet.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Litauisk geografi.

Litauen ligg i Nord-Europa ved Austersjøen som landet har ei 99 km lang sanddekt kystlinje mot. I luftlinje er berre kystlinja om lag 38 km mot havet, som er det kortaste av landa i Baltikum. Årsaka til den lange lengda er Den kuriske landtunga som strekkjer seg ut mellom Austersjøen og Den kuriske bukta. Berre eit smalt sund går mellom bukta og havet og i dette sundet ligg Klaipėda, den store isfrie hamnebyen til Litauen. Den kuriske bukta er ein grunn lagune som strekkjer seg sørover til Kaliningrad. Den største elva i Litauen, Nemunas, munnar ut i bukta. Denne, og nokre av sideelvane hennar, har noko skipstrafikk.

Landskapet i Litauen vart forma av isbreane under den siste istida. Ein har noko høgare moreneområde i vest og i aust, men ingen stader er høgare enn 300 meter over havet. Den høgaste toppen er Aukštojas på 294 meter over havet. Litauen har mange innsjøar og myrområde. Ei sone av blandingsskog dekkjer om lag 30 % av landet. I følgje ein geografiske datamodell, ligg Vilnius berre nokre få kilometer sør for det geografiske senteret i Europa.

Litauen består av følgjande historiske og kulturelle regionar:

  • Aukštaitija — som tyder 'Høglandet'
  • Samogitia (litauisk Žemaitija) — som tyder 'Låglandet'
  • Dzūkija (litauisk Dzūkija eller Dainava)
  • Sūduva (litauisk Sūduva eller Suvalkija)
  • Litlelitauen eller Prøyssisk Litauen (litauisk Mažoji Lietuva eller Prūsų Lietuva). Det meste av denne regionen ligg i Russland (Kaliningrad oblast).

Litauen grensar til følgjande land:

Sjøgrense i Austersjøen: 99 km.

Klima endre

Det meste av Litauen ligg berre eit par timars køyretur frå Austersjøen og har eit temperert og maritimt klima. Dei indre områda av landet, inkludert turistområda Vilnius og Trakai, har derimot større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter. Vinteren er kald over heile landet, men kystområda er ein god del mildare enn resten av landet, og kan ha periodar med plussgrader. Sørvestlege delar av kysten er opp til 2 °C varmare enn innlandet om vinteren. Ein har snøfall med jamne mellomrom, og på kysten av og til regn. Somrane er milde, og innimellom kan ein få nokså varme dagar i juli og august. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Vilnius har ein årleg nedbørsnormal på 662 mm.

Demografi endre

Litauarane har assimilert opp i seg ei rekke tidlegare baltiske folkegrupper som til dømes jotvingerane, gammelprøysserane og selerane. Av folkesetnaden i dag er 82 % litauarar, 8% russere og 6% polakkar. Under den sovjetiske okkupasjonen vart det ført ein aktiv russisk kolonialiseringspolitikk mot dei baltiske landa. 68,5 % av alle innbyggjarar bor i byar.

Landet har ingen statskyrkje, men den Den romersk-katolske kyrkja har mest oppslutnad.

Endringar i folketalet i perioden 1994-2005 endre

Folketalet i Litauen har gått ned med over 200 000 dei siste ti åra. Ein reknar med at 13 % av dei yrkesaktive i landet har emigrert, fyrst og fremst for å skaffe seg betre betalte jobbar. Denne tendensen har auka kraftig i samband med EU-medlemskapen. Mange jobbar er nå ledige på grunn av utvandringa. Tabellen under viser utviklinga av folketalet ved byrjinga av kvart år i antal tusen.

1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005
3671,3 3643,0 3615,2 3588,0 3562,3 3536,4 3512,1 3487,0 3475,6 3462,5 3445,8 3425,5

Største byar endre

Tal frå 1. januar 2004

  1. Vilnius: 541 082
  2. Kaunas: 368 913
  3. Klaipeda: 190187
  4. Siauliai: 131 181
  5. Panevezys: 117 593
  6. Alytus: 70 717
  7. Marijampole: 70 305
  8. Mazeikiai: 66 773
  9. Kedainiai: 65 049
  10. Telsiai: 56 735

Fylke endre

Litauen er inndelt i 10 fylke (lit. apskritys) og 60 kommunar. Innbyggjartal i fylka frå 1. januar 2004:

  1. Alytus fylke: 184 807
  2. Kaunas fylke: 691 445
  3. Klaipeda fylke: 383 250
  4. Marijampole fylke: 186 736
  5. Panevezys fylke: 295 161
  6. Siauliai fylke: 364 076
  7. Taurage fylke: 132 729
  8. Telsiai fylke: 178 141
  9. Utena fylke: 181 113
  10. Vilnius fylke: 848 399

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Litauen