Grimselpasset er ein fjellovergang i Alpane i Sveits. Passhøgda, 2 108 meter over havet, ligg på vasskiljet mellom Nordsjøen og Middelhavet. Vegen vert ofte nytta av motorsyklistar og andre syklistar, då ein har snøgg tilkomst mellom Berner Oberland og kantonen Valais. På sørsida har ein utsikt mot Goms, det litt høgareliggjande Furkapasset og mot Wallis-Alpane.

Vegen er vinterstengd oktober-mai.

Panorama over Grimselpasset

Ein kjenner til at Grimselpasset har vore nytta som kløvveg frå 1300-talet. Den historiske kløvvegen vart på 1800-talet utbygt til ein høgfjellsveg, ein veg som var open i sommarstida. Køyrevegen over fjellet stod ferdig i 1894. Grunna utbygging av vasskraft i området vart vegen mykje utbetra i tida 1920-50.

Bakgrunnsstoff

endre