Grindefjorden er ein del av fjordsystemet Hervikfjorden/Skjoldafjorden i Tysvær og Vindafjord kommune i Rogaland. Fjordsystemet er ein fjordarm av Boknafjorden og Grindefjorden er den inste av desse tre fjordane. Han har ei lengd på om lag 10 km, men frå innløpet til Hervikfjorden og til botn av Grindefjorden er avstanden om lag 38 km.

Fjorden har innløp vest for Nesøya i Skjoldafjorden ved Vestråklubben. Fjorden går først nesten rett sørover (Skjoldafjorden i aust går rett nordover). Om lag halvvegs inn i fjorden, ved bygda Aukland, snur fjorden nordvestover og møter ei rekkje holmar og skjer. Her deler fjorden seg i to viker. Den nordlege vika heiter Vågsbotn og ligg ved grenda Våg. Den andre vika vert rekna som sjølve Grindefjorden og går inn til bygde Grinde, der det ligg ein stor campingplass. Grinde ligg like nord for tettstaden Aksdal.

Riksveg 515 går langs den sørlege delen av fjorden og kryssar Skjoldafjorden lenger aust ved Skjoldastraumen. Langs vestsida av fjorden går E39.