Grishk-demninga
Grishkdemninga er ei demning i elva Helmand i provinsen Helmand i det sørlege Afghanistan. Demninga vart bygd av USA etter at den afghansk-sovjetiske krigen var avslutta og Sovjetsamveldet hadde drege seg attende frå landet.
Demninga er om lag 200 meter brei, og vert brukt til irrigasjon, flaumkontroll og elektrisitetsproduksjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grishk-demningen» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2015.