Demning

barriere for å stenge inne vatn

Ei demning eller ein dam er ein barriere for å hindre, omdirigere eller senke straumen til rennande vatn. Dette dannar ofte eit vassreservoar, ein kunstig innsjø eller vert nytta til irrigasjon.

Storvassdammen, Norges største steinfyllingsdam
Kjærhølstemmen i Molandsvassdraget Arendal kommune. Ein murdam bygd av stein, truleg omkring år 1600. Nedanfor låg opptil sju vassdrivne oppgangssager, stampemølle, bekkekverner. I dag er han eit viktig kulturminne som stadig er i bruk til mølle og ålekar.
Rossens-dammen i elva Saane i Sveits er ei bogedam, òg kalla kvelvdam, i betong.

Uttrykket stem vert nytta over store delar av landet for eldre demningar tilknytte bekkekverner og sagbruk.

Dei fleste dammar har damluker der vatnet kontrollert kan tappast ut (t.d. inn til eit vasskraftverk)

Type dammar endre

Dammar vert klassifisert etter bygningstype, bruk og høgd.

Basert på type og bygningsmateriale er dammar klassifisert som t.d. tømmer, betong og fyllingsdammar, med fleire underkategoriar.

Bruk inkluderer vatn til irrigasjon, drikkevatn, vasskraft, lettare framkomst, parkar, lage habitat for fisk og dyr, flaumkontroll eller kontrollere spillvatn frå industrien (t.d. gruver). Få dammar vert nytta til alle føremåla, men det finst nokre fleirbruksdammar som vert nytta til meir enn eitt bruk.

I Noreg vart dammar tidlegare bygd for å skaffe vatn til m.a. bekkekverner, sagbruk, mølledrift, jernverk, gruvedrift, tømmerfløting og isproduksjon. Desse dammane vart som regel bygd av tre (tømmerkistedammar) eller hogde steinblokker (murdammer). Mange av murdammane står framleis, m.a. Farrisdammen ved Larvik som vart bygd i perioden frå 1758 til 1765.

Høgdemessig vert dei delt inn i tre grupper, lågtrykkstasjonar som har eitt fall på opptil 70 meter, mellomtrykk som har fallhøgd frå 60 til 250 meter, høgtrykkstasjonar er vasskraftverk med ei fallhøgd på over 250 meter.

Ofte vert det laga tunnelar frå andre innsjøar som går til inntaksmagasinet for å auke kraftproduksjonen ved kraftverket utan å måtte bygge eit nytt kraftverk. Enkelte gonger vert det òg bygd dike rundt delar av dammen for å hindre flaum i områda rundt magasinet. Dike vert òg nytta for å gjere område under vatn til landområde, som t.d. i Nederland. Ein overløpsdemning er designa for å flaume over og vert brukt i flaumkontroll.

Omløpsdammar endre

Omløpsdammar er demningar der berre delar av vatnet vert ført vekk frå det opphavlege elveleiet.

Tømmerdammar endre

Tømmerdammar er delt inn i to typar: Ein type er bygd opp av tømmerstokkar på same måte som lafta hytter. Den andre typen er av plankar som gjer at ein kan få fleire mogelege konstruksjonar. Tømmerdammar vart flittig nytta i tidlege fasar av den industrielle revolusjonen grunna byggetida og den lette konstruksjonen. Dei vert sjeldan nytta i moderne tid på grunn av den avgrensa levetida og byggehøgda av slike konstruksjonar. Tømmerdammar må haldast konstant våte for å halde på eigenskapane og hindre råte.

«Tømmerdammar» av pinnar og små stokkar i tillegg til gjørme og steinar vert bygd og nytta av beverar.

Fyllingsdammar endre

Fyllingsdammar er laga av komprimert jord, og har to hovudtypar: stein- og jordfylte. Fyllingsdammar baserer seg på tyngdekrafta på same måte som gravitasjonsdammar (massivdammar) baserer seg på betongen si vekt for å halde han stabil.

Steinfylte demningar er bygd opp av steinmassar i ulike vertikale soner. Typen masse vert avgjort ut frå bruken, den vertikale kjernen er ofte laga av asfalt, betong eller morenestein. Deretter er det ei filtersone av grus, før det vert større og større steinar etter som du kjem lenger ut i demninga (utover frå kjernen). Den største demninga i Noreg i volum, Storvassdammen, er ein fyllingsdam på 9,7 millionar m³.

Betongdammar endre

Betongdammar kan i hovudsak delast i gravitasjonsdammar, platedammar og kvelv/bogedammar.

Gravitasjonsdammar endre

Ein gravitasjonsdam er dammar som er laga så stor at eigenvekta til demninga held han på plass. Ein gravitasjonsdam gjev ofte meir tryggleikskjensle (på grunn av storleiken) for mannen i gata enn nokon annan type demning. Dette har ført til at ein gravitasjonsdam (spesielt i flaumområde) har vorte vald føre ein bogedam, sjølv om ein bogedam ville vore tryggare og billigare.

Gravitasjonsdammar er klassifisert som «hole» og «massive» eller «solide», dei solide er mest vanlege, men den hole typen er som regel billigare å bygge.

Bogedammar endre

I ein bogedam er stabiliteten oppnådd med ein kombinasjon av tyngdekraft og fjellet rundt. Viss oversida av demninga er loddrett ville fundamentet bore all vekta, men med ei bogeform på demninga vil kreftene bli fordelt på fundamentet i botn og fjellsidene. Denne type dammar vert stort sett berre nytta i tronge, djupe elvedaler der dei kan byggja han mellom to fjellsider. Tommelfingerregelen er at høgda må vera minst 3 gonger så stor som breidda for at ein skal kunna byggja ein bogedam (H/B > 3). Virdnejavri (Altadammen), Førrevassdammen og Zakariasdammen er nokre av dei største bogedammane i Noreg.

Platedammar endre

Platedammar er dammar laga av betong som har ein plate på vassida og støttepilarar som held plata oppe på luftsida. Det er vekta av vatnet som held dammen på plass. Døme på ein platedam er Stengen dam.

Fangdam endre

Ein fangdam er ein mellombels demning som vert nytta for å føre vatnet bort frå anleggsområdet under bygginga av demningar. Desse demningane vert rive når prosjektet er ferdigbygd.

Sjå òg endre

Bever - ein demningbyggande gnagar

Bakgrunnsstoff endre