Grivola er eit 3 969 meter over havet høgt fjell i Dei graiiske Alpane i regionen Aostadalen i Italia. Fjellet reiser seg mellom dalføra Val Sevaranche i vest og Val di Cogne i aust. Sett frå nord minner Grivola om ei symmetrisk forma steinpyramide, som mot nordaust, sør og vest stig langs slanke, kvasse fjelleggar. Både i nord og i aust er det isbrear i fjellsidene. Frå toppen av Grivola er det seks kilometer i luftlinje til Gran Paradiso, begge fjella er innlemma i Gran Paradiso nasjonalpark. Ordet Grivola er oksitansk og tyder ungjente.

Grivola
fjell
Land  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 3 969 moh.
Primærfaktor 714 m
Førstestiging J. Ormsby, R. Bruce, F.A.Dayné,
Z.Cachat og J. Tairraz
 - dato 23. august 1859
Koordinatar 45°35′44″N 7°15′39″E / 45.59556°N 7.26083°E / 45.59556; 7.26083
Kart
Grivola
45°35′48″N 7°15′52″E / 45.596666666667°N 7.2644444444444°E / 45.596666666667; 7.2644444444444
Wikimedia Commons: Grivola

Eit klatrelag beståande av fem mann tok seg til topps den 23. august 1859, knappe sju veker etter at den kjende klatraren Francis Fox Tuckett og mannskapet hans hadde mislukkast på å verte dei fyrste på toppen.

Kjelder endre