Große Mörchner er ein 3 287 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Den kjegleforma toppen av fjellet er omgjeven av isbrear på alle kantar. Grannetoppen Kleine Mörchner på 3197 meter over havet, er skild frå hovudtoppen av eit skar. Stortoppar som Große Löffler i aust og Schwarzenstein i sør ligg minst fem kilometer unna, noko som gjer at ein har eit vidt utsyn frå Große Mörchner.

Große Mörchner
fjell
Große Mörchner, sett frå vest
Land  Austerrike
Fjellkjede Zillertalalpane
Høgd 3 287 moh.
Førstestiging 1846
Koordinatar 47°1′53″N 11°51′54″E / 47.03139°N 11.86500°E / 47.03139; 11.86500
Kart
Große Mörchner
47°01′53″N 11°51′54″E / 47.0314°N 11.865°E / 47.0314; 11.865
Wikimedia Commons: Großer Mörchner

Peter Karl Thurwieser hadde fylgje med Georg Lechner, Vitus Hotter og Anton Wechselberger då dei 19. august 1846 vart dei fyrste menneska på toppen av Große Mörchner.

Kjelder endre