Große Möseler er eit 3 480 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjelltoppen er den nest høgste i Zillertaleralpane etter 3 509 moh. høge Hochfeiler.

Große Möseler
fjell
Große Möseler, sett frå vest-nordvest
Land  Austerrike
Fjellkjede Zillertaleralpane
Høgd 3 480 moh.
Primærfaktor 455 m
Førstestiging 1865
Koordinatar 46°59′33″N 11°46′54″E / 46.99250°N 11.78167°E / 46.99250; 11.78167
Kart
Große Möseler
46°59′33″N 11°46′54″E / 46.992455°N 11.78178°E / 46.992455; 11.78178
Wikimedia Commons: Großer Möseler

Große Möseler ligg på hovudfjellkjeda i Zillertalalpane og er den dominerande fjelltoppen i området. Både på nordaustsida og på sørvestsida av fjellet ligg bratte, vide isbrear. Toppen er grei å nå frå fjellhuset Furtschaglhaus, og vert ofte bestige derifrå.

Fyrstebestiginga fann stad 16. juni 1865 og vart gjort av britane G.H. Fox, Douglas William Freshfield og Francis Fox Tuckett med fjellførarane François Devouassoud frå Chamonix og Peter Michel frå Grindelwald, samt to namnlause berarar.

Kjelder endre